Denne helga går 52/17 søndagsturen til Rindal, der Tørsåsen vel er vertskap. Tørsåsløå er eit velkjent tur- og trimmål i Rindal, og er mykje besøkt både sommar og vinter. Du tek av frå FV65 ved Bolme pensjonat og kjører 3 km etter bomveg til Tørsåsen. Arrangøren byr på gratis kaffe frå svartkjel og sal av vaflar.
Les heile saka
Strengen er eit av dei tolv Stikk UT-måla i Surnadal kommune. Sjølv om Strengen er berre 890 meter over havet, så er det ein fantastisk flott og variert utsikt frå toppen. Her ser ein ut mot havet, flystripa på Kvernberget, fjordar, dalar, bygder, vatn, Kvennaferjå og ikkje minst fjell i alle retningar. Det er mange […]
Les heile saka
Den siste (og for 2015 sin del, første?) sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august.
Les heile saka
Storkonserten i Bøfjorden med Vidar Johnsen kjent fra «Vamp» 19.september nærmer seg med stormskritt. Johnsen feirer 30 år som artist og har nå startet på en omfattende Norges-turnè. I høst får bøfjordingene besøk av Haugesunds store sønn!
Les heile saka
Onsdag kveld var det fotballkamp i klassen gutar ti år på Bordholmen, Søya/Todalen møtte Surnadal 4. Det vart ein artig og spennade kamp med riktig god innsats og mange store målsjansar! Mange mål vart det og, kampen enda uavgjort 8 – 8, eit perfekt resultat! Både spelarane og trenarane var godt godt fornøgde etter […]
Les heile saka
Som meddelt tidligere, så holder vi stengt butikken fra start i dag onsdag. Vi åpner utpå ettermiddagen, så snart nytt data-anlegg og ny kasse er montert og i funksjon, skriv handelsmann Nordvik i en pressemelding til Todalen.no. I morgen – torsdag 3. september skifter vi bakerileverandør. Da går vi over til COOP Bakeri Goman. Det betyr nye brødsorter og nye bløtkaker. I denne sammenheng så vil vi torsdag og fredag tilby smaksprøver både på brød og bløtkaker, og vi ønsker derfor alle kunder velkommen til butikken for å smake på «godsakene»!
Les heile saka
Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.
Les heile saka
I ettermiddag var det kanskje fleire i Todalen som la merke til den store motor yatchen som kom inn fjorden og sette anker utanfor Heggerneset. Kva oppdrag yatchen Karima har her i vårt farvann er uviss, men ein heilt ok livbåt vart senka og kom inn i småbåthavna for å sjå seg om. Turen gjekk også over fjorden mot Toalsøra for ein inspeksjon mens todalen.no var i småbåthamna. Båten seglar under Bermuda sitt flagg, og har heimehavn i Hamilton, og er i følge Marine Traffic på veg til Brofjorden i Sverige frå Kristiansund Havn.
Les heile saka
Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune inviterer til overnatting ute på Ranessetra laurdag 5. til søndag 6. september i forbindelse med Norsk Friluftsliv sitt arrangement #nattinaturen. Dette er eit lågterskeltilbud, og store og små er velkommen til ei natt ute i naturen. Desverre er ikkje vêrmeldingane dei aller beste for helga, men initiativtakarane Margit Møllenhus, Janne Husby og Gretha Varvik i Surnadal Røde Kors lovar at arrangementet går uansett.
Les heile saka
I kveld møttes dei to rivalane Søya/Todalen og Surnadal i klassen for gutar 12 år til kamp på Bordholmen. Dette er alltid spesielle oppgjer, då fleire på begge lag går i samme klasse, men spelar på ulike lag. Desverre for Søya/Todalen tok surnadalingane leiinga rimeleg fort ut i første omgang, og laga gjekk til pause med 2-5 til Surnadal.
Les heile saka
Biblioteket i Todalen er ope ONSDAG 2. september i staden for TORSDAG 3. september, melder bibliotekar Karen Johanne Talgø. Det blir vanleg opningstid frå kl. 18.00 -20.00. Neste veke og framover er biblioteket ope på torsdagar som vanleg fram til haustferien på skulen i oktober. Alle er velkomne for å låne bøker m.m
Heilt på tampen av sesongen blir det ny konsert på Todalshytta, som diskar opp med Noora Noor, Dr. bekken og Richard Gjems. Det skjer søndag 6 september kl 16, og det blir årets siste konsert frå utescena på Todalshytta, fortel Eric Malling. Det blir litt av ei oppsetning, og dei tre kjem innom på sin miniturne som startar på Hell laurdag 5. september, og som sluttar av på Kongsvinger og i Oslo helga etterpå.
Les heile saka