For august kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete med «Fjord og fjell» med rundt 40 stemmer. Biletet hadde eit tydeleg forsprang på bileta rett bak, Dobbelportrett og Slåttonn under regnbogen, med rundt 30 stemmer kvar.
Les heile saka
Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems tok nærast todalingane med storm på avslutningskonserten på Todalshytta søndag ettermidddag. Verten på Todalshytta, Eric Malling, kunne ønske eit hundretals publikum velkomne til sesongens siste konsert søndag ettermiddag. Etter konserten skjønner vi kvifor todalingane prioriterte konserten med denne gjengen framfor Trollheimsmarsjen – og vergudane spela på lag denne gongen også.
Les heile saka
Dagens Trollheimsmarsj fikk ikkje den heilt stor oppslutninga – den usikre vêrsituasjonen får nok ta mesteparten av skulda for det, men konserten på Todalshytta med nærare hundre tilhørarar er nok ei god forklaring på kvifor det var nærast «møssfall» frå todalingane.
Les heile saka
Det vart ein bra start på hjortjakta for Talgø jaktlag denne helga. Fredag vart det 4 dyr i i Gammelseterdalen – 2 koller og 2 kalver. Søndag vart det kronhjort på jaginga frå Hardholten og innover til sommarfjøset på Kårvatn.
Les heile saka
Under søndagens gudsteneste vart konfirmantane for 2016 presentert. Dei er 2 i talet, og startar no konfirmasjonsførebuinga i lag med konfirmantane i Stangvik, fortalte sokneprest Bernt Venås, da han ønska dei velkomne som konfirmantar under gudstenesta. Sjølv om dei berre er to, så var han sikker på at dei skulle få ei fin tid saman dei neste to semestra, fram til konfirmasjonen som blir søndag 8. mai i Todalen kyrkje.
Les heile saka
Jakta på hjort er godt i gang, og den 10. september er det også klart for årets elgjakt. I den anledning ønsker Felleskjøpet å innvitere til jaktdag førstkommande tirsdag. Dei lover gode tilbud, enkel servering og utveksling av erfaring.
Les heile saka
Trollheimsmarsjen er i gang – dei første er forlengst på tur frå Bordholmen og er klare til å ta fatt på Ørsallia på tur til Ålvundeid. I morgontimane regna det godt, og det var litt tvil om det var forsvarleg å sleppe folk over fjellet, men i 9-tida var det verste regnet over, og etterkvart letta skodda. Yr.no melder lettare vêr etter kvart, og det blir nok etter kvart bra turvêr, trur arrangøren. Starten for Trollheimsmarsjen går fram til kl 11 i føremiddag.
Les heile saka
Søndag ettermiddag kan du gle deg til ein spennande ettermiddagskonsert på Todalhytta. Da kjem Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems direkte frå konsertpremiere i Stjørdal til Todalshytta – neste helg avsluttar dei miniturneen i Kongsvinger og i Oslo.
Les heile saka
Tidelegare i sommar vart einebustaden Bjørnrud lagt ut for sal, men det vart ikkje noko sal i første runde. No ser vi på FINN.NO at bustaden har fått ny og lågare pris, – der prisantydinga er på 990.000. Fleire opplysningar finn du ved å følge linken til annonsen på Finn.no.
Alle klagar på den elendige sommaren – i år har det regna heile sommaren, og gradstokken har mange dagar vist einsifra gradtal, seier mange. Men var vëret egentleg så dårleg i sommar – og korleis var temperaturen samanlikna med dei tidlegare sommarane? Antal sommardagar er ein god indikator på korleis sommaren har vore – ein sommardag er ein dag kor maksimumstemperaturen har vore minst 20 grader – eller meir i løpet av døgnet.
Les heile saka
Søndag 6. september er klart for årets Trollheimsmarsj, med start frå Bordholmen i Todalen og den velkjente ruta over Vardan til målgang på Ålvundeid. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, og som har nært samarbeid med Trollheimstunnelen. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før starten, og bussar i retur frå Ålvundeid til Todalen etter målgang slik som tidlegare.
Les heile saka
Det er vel ikkje rett å seie at Jon Bruset gjorde sine hoser grønne, men han kom iallfall på døra med ei valkamp-rose fredag kveld. Etter at dei politiske parti i tur og orden har stått på valkampstand i kjøpesentra og andre plassar der folk ferdes går valkompen no mot slutten. Surnadal Arbeiderparti markerte med å kome på døra til folk med ei rød rose, og Jon tok runden til alle heimar i Todalen.
Les heile saka