Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Den store sjakkfinalen – Amund vart mester

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Det var knytta stor spenning til den store sjakkfinalen i Todalen ungdomshus 2. påskedag.  Etter innleiande konkurransar i Kaffekroken utover heile etterjulsvinteren, var det endeleg klart for å kåre mein mester. Presis kl 16.00 starta både bronsefinalen, der Terje Nordvik og Anders Talgø kjempa om bronseplassen og Amund Talgø og Kristoffer Nordvik kjempa om gull- og sølvplass.

Etter høgtideleg trekkjing om kven som skulle spele med kvite brikkar var kampen endeleg i gang.  Det vart jamnt parti i begge finalane, så etter 2 slag var det uavgjort og det måtte difor ein tredje og avgjerande kamp til før ein mester kunne kårat. I bronsefinalen vart det Anders talgø som trekte det lengste strået, medan gullfinalen vart vunnen av Amund Talgø i år som i fjor. «The double» må vel nærast det kunne kallast.

Vi har laga eit lite bildegalleri frå finalen i Ungdomshuset, med både alle deltakarar og publikum som var ivrige på å følge med.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 28. mars 2016, 19:21