Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott nordlys i helga…

Jon Olav Ørsal Måndag 15. september 2014

Rett før helga var det stor aktivitet på sola, og natt til laurdag og natt til søndag var det varsla stor nordlysaktivitet. Jon Are Husby hadde fått med seg det, og natt til laurdag hadde han rigga seg til med kamera, stativ og fjernutløysar.

Les heile saka

Ein rett og to vrang i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 14. september 2014

Laurdag starta Todalen sanitetsforening ny sesong med «Strikkekàfe» etter ein lang sommarferie. På denne fine haustdagen vart det ikkje noko rekordoppmøte, men den «harde kjerne» møtte opp og såg ut til å ha det triveleg i lag, og vår utsendte kom akkurat til kaffeserveringa og vart dermed traktert med prima eplekake til kaffen.

Les heile saka

No er det slutt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2014

Fredag reiste dei siste sauene som livdyr til Julsundet. Torsdag bar det til slakteriet med resten og no er det slutt med sauedrifta for Åse og Kåre Øyen på Brubakkå. Det er enno 10 lam som ikkje kom att frå fjellbeite, men dei er nok borte. Det er litt rart å ikkje ha sauer lenger, sier Åse, og ein tåre pressar seg på i augekroken når ho fortel.

Les heile saka


Ein skuledag utanom det vanlege

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. september 2014

Fredag vart ein skuledag utanom det vanlege for elevane ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Heile gjengen, tilsaman over 80 elevar frå dei to skulane og barnehagane var samla på Stangvik skule for å høyre, sjå og lære mykje nytt om naturfag. Den pensjonerte naturfaglektoren Einar Oterholm hadde med seg mykje rart utstyr for å vise fram og lære bort noko av kunnskapen sin til elevane.

Les heile saka

Fotpleie først i oktober

Elinor Bolme Laurdag 13. september 2014

Todalen Sanitetsforening melder om at det vil bli moglegheiter for å bestille time for fotterapi med fotterapeut Olaug Aspill igjen. Ho tek turen til Sanitetshuset 2., 3. og 7. oktober. Ho startar kl 9.00 kvar dag, med ein liten pause etter nr 3. før det er rom for ytterlegare 2 påmeldingar.

Les heile saka

Haustens program for Senioruniversitetet

Elinor Bolme Fredag 12. september 2014

Skihistorie og fyndig språkbruk står på programmet for Senioruniversitetet for Indre Nordmøre no i haust. Det første møtet skal vere på det nyopna skimuseet i Rindal allereie onsdag 17.september kl 11:00. Mange har kanskje vore der og vorte imponert, men for dei av både rindalingar, surnadalingar og halsalendingar som enno ikkje har vore der enda er dette ei fin anledning til å oppleva museet. Senioruniversitet vil få både omvising og kaffe og hyllkak – og høve til å friske opp mange minne frå gamle dagar.

Les heile saka

Stavgang Todalshytta – Ramsøya.

Randi og Vidar Sogge Fredag 12. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 11. september på Todalshytta, ei av dei fire hyttene som forretningsmannen og sportsfiskaren Ethelbert Lort Phillip fekk bygd først på 1900-talet. Dei andre hyttene er Vangshaugen på Sunndalsfjella, Trædal i Sunndal og Phillipshaugen i Øksendal.

Les heile saka

Tidenes klangfest i Stangvik laurdag

Bernt I Bøe Fredag 12. september 2014

Med 45 manns orkester, solistar, kor og flygel ligg det an til tidenes klangfest i Stangvik kyrkje laurdag. KKKK-festivalen «tjuvstartar» 2014-programmet med Bernsteins «Chichester-salmar», Rutters «Magnificat» og ikkje minst Gershwins «Rhapsody in blue»

Les heile saka

Neste veke kjem russen på besøk!

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2014

Neste veke er det klart for demensveke for Surnadal Demensforening og helselag, fortel ledar Liv Botten. I år som i fjor har ho sikra avtale med Surnadalsrussen til å bli med på innsamlingsaksjonen rundt i heile Surnadal kommune – for å samle inn pengar til demenssaka. Aksjonen kjem til å gå føre seg i tidrommet 15. til 18. september, og da håpar ho at du tek vel i mot dei som kjem med innsamlingsbøssa.

Les heile saka

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 11. september 2014

Førstkommande laurdag startar strikkekaffedamene oppatt med strikkekaffe igjen. Her blir det som det brukar å vere enkel servering og mykje sosial prat, og kanskje med muligheiter til å lære noko nytt. Strikkekaffeen fekk i vår ein stor donasjon med garn av Per Reiten. Dette garnet ønsker dei no å lage noko spesielt av, som kan bidra til at andre kan få ein varmare kvardag.

Les heile saka

Individinnitiativ

Elinor Bolme Torsdag 11. september 2014

Mange rare ord og vendingar vart bruka under Surnadal kommune sin påfyllskveld for ildsjeler. Ordførar Lilly Gunn Nyheim ønska dei vel 75 påmeldte hjerteleg velkomne, før prosjektleiar Anne Saltrø Polden ønska kveldens motivator HC Medlien frå Lucky Næroset velkommen. Og for dei som ikkje kom: det var jaggu synd… Hans energi og tankevekkande utsagn og teoriar gjore at latteren satt laust og at ein fekk tenkt litt nye tankar. Desverre går det ikkje an å gjengi foredraget i rein tekst, for ein vart nærast berre sittande å nyte dette oppkommet av eit fyrverkeri.

Les heile saka