Jostein Bruset var på tur til Tristeinan saman med familie og venner i går, og fann eit minnekort i den merka turstien som går over til Innerdalen. Funnet vart gjort mellom Talgø-Storhaugen og Tristeinan ca 2-300 meter før Tristeinan. Minnekortet inneheld bilder frå tur til Lysefjorden/Prekestolen og frå andre aktivitetar i tursamanheng.
Les heile sakaBra laksefiske – gytebestandsmålet ser ut til å bli nådd
Dei siste par vekene har det vore godt laksefiske i Toåa, og midtsesongevalueringen viser at gytebestandsmålet vil bli nådd med god margin, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset. Etter en katastofal sesong i fjor er det bra at laksen er «komen att», og Ola fortel at det så langt i år er det innrapportert 32 laks i Toåa – og eit liknande tal for sjøaure.
Les heile sakaHønhalsens fall…
Ei melding frå pålitelege kjelder i Austigarden på Kvennset kan bekrefte at Hønhalsen er gått av – det er dermed fritt fram for å finne fram badebukse og ta seg eit avkjølande bad. Vi trur det er krimforfattaren Guro Redalen som har gjort denne observasjonen og dermed kan stadfeste dette frå ibservasjonskråa si i dag kl 11.20 lokal prærietid (Litt framfor si tid?). Dermed er spenninga omkring hønhalsens fall utløyst!
Terje Nordgarden imponerte publikum…
Terje Nordgarden imponerte stort med sin friluftskonsert på Todalshytta laurdag kveld. Laurdag var han på familietur til Storhaugen og det var nok skikkeleg opplading til kveldens konsert. Nordgarden entra den improviserte friluftsscena på bakken framfor Todalshytta full av energi, og eit knapt hundretals publikumarar fikk ei oppleving dei seint vil gløyme. Terje fikk god kontakt med publikum frå første stund, og fekk skikkeleg applaus som belønning.
Les heile sakaKostbare pøbelstreker ved SIAS
Ved verkstaden til Per E. Gjeldnes Maskin er det ødelagt 2 vindusruter i 2 forskjellige dumpere. Det ser til at det er skote med luftgevær på rutene som no må skiftes ut. Den eine er i herdaglas, medan den andre er laminertglas, og begge to er kostbare saker som nok vil kome på fleire tusen kroner. Per E. Gjeldnes meier at det må ha skjedd i løpet av den siste veka.
Les heile sakaMusesafari og humlesurring
Norsk Vandrefestival er i full gang med sine forberedelsar fram mot årets festival . Dei er så klart med og feirer friluftslivets år, med fokus på uteliv for barn og unge. Hovedsatsinga i år er derfor ein familecamp med ein rekkje aktivtetar lagt til den nydelige vika Mjølksanden i Bøfjorden
Les heile sakaStem på månadens bilete for juni
Ferietida er over oss, men vi vil sjølvsagt servere dagens bilete utover sommaren også. Det betyr at vi vil gjerne ha bilete frå ferien både fjern og nær. No skal vi finne vinnaren av månadens bilete for juni. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden!
Les heile sakaTerje Nordgarden – tilbake i Todalen for å halde konsert
Terje Nordgarden er «komen i hus» på Todalshytta, klar for friluftskonsert på bakkan framfor hytta laurdag kveld. Denne gongen har han teke med familien, kona Sabrina og dotra Maya på 3 år, for å ta fri nokre dagar og nyte todalsnaturen. Terje var her på låtskrivarseminar for ein månadstid sia, og vi fekk da eit par smakebitar med han under felleskonserten på Gammelfabrikken – Raus 2015.
Les heile sakaNår går Hønhalsen…?
Normalt går hønhalsen over i juni, enkelte gong tidleg i juni og det kan sågar skje i slutten av mai. Kva som er normalt veit ikkje vi, men kanskje mot midta av juni ein gong? Mot normalt er det iallfall i år, for i dag skriv vi 10. juli – men no er det straks før at det skjer, ser det ut til! Følg med!
Les heile sakaKvanne – Rykkjem ute av drift
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21. Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1
52/17 til Mjølkeplassen og Åkvikknoken i Halsa
Førstkommende søndag kl 12 er det klart for nok ein søndagstur. Denne gongen går turen til Mjølkeplassen på Halsa. Ein kort tur på ca 350 m med litt stigning opp fra Halsasaga etter grusvei. (Fullt mulig å trille vogn opp f.eks.) Det blir arrangerert fellestur til Aakvik Knoken fra Mjølkeplassen.
Les heile sakaSommarjobb i parken
Kjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor. Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben […]
Les heile saka