Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ledig leilighet frå 1. november i Sanitetshuset

Elinor Bolme Onsdag 8. oktober 2014

Frå 1. november er den ytterste leiligheta i Todalen Sanitetshus ledig for utleige. Denne leiligheta vart sist oppussa i 2011 og er ei lita og lys 2-roms med vedomn. Husleiga er kr 2859,- pr månad, pluss straum. Denne blir indeksregulert frå mai påfølgande år melder styret i Todalen Sanitetsforening. Dei ønsker også å formidla at alle kan leige her, uavhengig kjønn og alder.

Les heile saka

Sesongskifte – og vidareutvikling av parkanlegget

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. oktober 2014

Ei ny årstid gjer sitt inntog på Gammelfabrikken denne veka. Hagemøblane som har prega parkanlegget utomhus er i ferd med å kome på plass i utstillinga innomhus. Vinteren kan vere like rundt hjørnet no som vi skriv oktober – men først skal parkanlegget oppover mot fossen gjerast ferdig. Per E Gjeldnes Maskin har starta arbeidet […]

Les heile saka

No blir det straum til lysløypa

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. oktober 2014

Denne veka er Svorka Energi igang med framføring av straum til lysløypa på Tjønnmyran. Arbeidet med å legge jordkabel pågår no frå høgspentmasta/transformatoren mellom Talgø gard og Vestrum, og vil fortsette etter veggrøfta ned mot vegen til Tjønnmyran og vil deretter bli lagt i vegen opp til lysløypeanlegget.

Les heile saka

Water Friday på kommunehuset

Elinor Bolme Tysdag 7. oktober 2014

Surnadal kommune oppfordrar alle i nærleiken av kommunehuset om å sette av 10 minutt av (arbeids)tida si og komme til sørvistorget kl. 11 førstkomande fredag 10.10. Dei vil da, i likheit med mange alle andre kommunar i Møre og Romsdal, arrangere Water Friday. Dette for å markere at dei støttar opp om årets TV-aksjon. I år er TV-aksjonen tildelt Kirkens Nødhjelp under namnet «Vann forandrer alt» – framføring av reint vatn til over ein million menneskje.

Les heile saka

Matkroken blir Coop?

Jon Olav Ørsal Måndag 6. oktober 2014

Dagens nyheitsbombe er nok Coop Norges kjøp av ICA Norge. Coop bladde opp 2,5 mrd. for ICA Norge som til saman har 553 butikkar rundt omkring i landet. Det har lenge vore kjent at ICA Norge har hatt store problem med sine butikkjeder i Noreg, som mellom anna står attafor Matkroken-kjeda der L. Hals EFTF AS er tilslutta.

Les heile saka

Ny hovedredaktør i Trollheimsporten

Elinor Bolme Måndag 6. oktober 2014

Trollheimsporten har gått litt på reservane dei siste månadane, men no har dei endeleg fått sett den nye driftskabalen sin i verk. Ny hovedredaktør er Eva Rønning som etter 11 år i Trondheim har valgt å busette seg i Surnadal, og jobbe i Rindal. Med seg i den daglege drifta har ho fått Sigrid Skjølsvold i ei kombinert stilling som medredaktør og kontormedarbeider. Hun har jobbet som medredaktør i omtrent ett år no, og fikk i august utvida stillinga til 100%. Stian Kooyman går dermed tilbake til deltids driftsansvarleg.

Les heile saka

Engasjement om det meste, som vanleg

Elinor Bolme Sundag 5. oktober 2014

Ordførar Lilly Gunn Nyheim og Egil Nedal hadde i ettermiddag rigga seg til i kaffekroken på Matkroken for å ta i mot innspel til sitt nye partiprogram for 2015. I følge Driva.no skulle Arebeiderpartiet til løvens hule og friste skjebnen. Dette vart tvert avkrefta, for dei begge to fullroste todalingane som trivelege og ikkje minst konstruktive med sine innspel. Oppmøtet var ikkje overveldande bra, men knallfint vêr og mange jegarar utanbygds kan nok ha vore utslagsgivande.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for september

Ole Petter Talgø Sundag 5. oktober 2014

Vi er godt inne i hausten sjølv om temperaturane fortsatt held seg fine, og siden oktober nå er i gang betyr det ny avstemning på bidrag frå dagens bilete. Vi håpar at alle fortsett å sende inn bilete sjølv om det byrjar å bli mørkare på kveldane.

Les heile saka

Haustferie – blir tak på hytta

Jon Olav Ørsal Sundag 5. oktober 2014

Komande veke er det haustferie i skulane i området som da tek ei friveke. På yr.no ser det ut som vêrgutane spelar på lag, og kan by på fint haustvêr utan nedbør og med dagtemperaturat mellom 10 og 15 varmegrader. Enkelta skal nok ut på tur i ferien, medan andre skal drive med andre aktivitetar. Eivind Bolme fortalte at han held på å lagar tak på hytta. Den er bygd oppi ei stor bjørk heime i Bekkerhagan.

Les heile saka

Trimbasar rundt hjørnet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2014

Neste helg, søndag 12. oktober, arrangerer Todalen idrettslag trimbasar. Denne helga starta før3ehandssalet av lodd, og Ingeborg Myrvang var på plass med strikktøy og loddbøker på Matkroken. Ingeborg skrytte av at folk som var innom butikken var flinke til å kjøpe lodd og støtte idrettslagets basar – der inntekta går til trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa på deling.

Les heile saka

Ny runde med stamlaksfiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2014

Det har i haust vore fleire rundar med stamlaksfiske for å sikre dei rette genene til å føre slekta vidare i Toåa. Det har forsåvidt vært bra resultat frå fisket tidlegare i haust, men ved gentesting har fleire laksar hatt usikre genere og blir derfor ikkje avla på, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.

Les heile saka

Onsdag blir det lapskaus på eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Fredag 3. oktober 2014

Eldremiddagen er godt igang igjen etter sommarferien. Sist onsdag var det rømmegraut og spekemat på menyen, der veterankokkane Jenny Kvendset og Olina Halle trakterte gjestane med god heimlaga rømmegraut. Komande onsdag er det lapskaus som står på menyen, som dei fleste onsdagane består av god og heimlaga humannskost. Både todalingar og utabygdes nyttar seg av dette populære tilbodet som foregår i sanitetshuset kvar onsdag. Komande onsdag er det lapskaus på menyen.

Les heile saka