Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustferie – blir tak på hytta

Jon Olav Ørsal Sundag 5. oktober 2014

Komande veke er det haustferie i skulane i området som da tek ei friveke. På yr.no ser det ut som vêrgutane spelar på lag, og kan by på fint haustvêr utan nedbør og med dagtemperaturat mellom 10 og 15 varmegrader.  Enkelta skal nok ut på tur i ferien, medan andre skal drive med andre aktivitetar. Eivind Bolme fortalte at han held på å lagar tak på hytta. Den er bygd oppi ei stor bjørk heime i Bekkerhagan.Eivind_tak_7748

Første byggetrinn var ein terrasse med rekkverk, som vart bygd tidlegare i sommar.  Da hadde han litt hjelp for å få på plass alle detaljane, og til å sikre fundamentet. No i haustferien er det tak som står på programmet. Laurdag høyrde vi hammarslag på byggetomta, og stakk bortom for å sjå kva som foregikk, og da var det full aktivitet.

Hytta ska få valmtak, så kvar enkelt fjøl måtte tilpassast. Men med målband, elektrisk stikksag og litt amerikansk augemål så gikk det fort unna. Fjølene vart måta til før dei vart spikra fast og litt om senn vart det nytt tak, med lillebror Markus som lærling og handtlangar.

På spørsmål om han hadde søkt om byggjeløyve, fikk vi eit kontant ja til svar.  Har fått skriftleg byggjeløyve med Gudmund, som er grunneigar her, fortalte Eivind. Forresten så skal ikkje hytta stå så lenge – kan hende at vi riv ho ned igjen før det blir vinter.

Eivind_saging_7737

Lagar valmtak – det er ikkje to fjøler som er like. Eivind brukar målband, stikksak og litt amerikansk augemål for å tilpasse fjølene. Foto: Jon Olav Ørsal

Eivind_tilpass_7741

Jau da, det passa nokon lunde. Foto: Jon Olav Ørsal

Spikring_7743

..og da er det berre å spikre fast! Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 5. oktober 2014, 10:08