Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hald 100-lappen klar!

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. november 2014

Ny utgåve av juleheftet «Jul på Nordmøre» er i sal. I år som i fjor er det «Team Bolme» – Ola og Eivind som har lagt ut på salsturne med julehefter. Dei har lasta opp sykkeltilhengaren med julehefter og ein stor plastikkbok for å ha pengar i. Så her er det berre å halde ein eller fleire 100-lappar klare, alt etter kor mang hefter du vil ha. Eivind, som er kasserar, tykte det var praktisk at prisen i år er 100 kroner, slik at han slepp å hefte kundane med veksling.

Les heile saka


Randokveld hos Kårvatn Fjellutstyr

Elinor Bolme Onsdag 12. november 2014

Onsdag 19. november kl 19:00 inviterer Kårvatn Fjellutstyr til rando/toppturkveld på butikken på Kårvatn. Her vil det bli gitt ein introduksjon i denne fantastiske verdenen samt å gå gjennom forskjellig utstyr og bruksområder.

Les heile saka

Stem på månadens bilete for oktober

Ole Petter Talgø Tysdag 11. november 2014

Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for oktober. Sjølv om dagene blir kortare og dagslyset forsvinn før middagen har satt seg, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss.

Les heile saka


Full guffe på barneleiken

Jon Olav Ørsal Måndag 10. november 2014

Kvar måndagskveld foregår det barneleik i gymsalen i Todalen oppvekstsenter. Da er det full guffe med både gymnastikk og andre krumspring når smårollingane slår seg laus. Sist måndag var det rekordoppmøte, med 24 born og 10 foreldre, fortel Karin Halle som har sendt oss bilder frå aktiviteten.

Les heile saka

Inviterter til jubileumsfest i Bondehuset

Jon Olav Ørsal Måndag 10. november 2014

Laurdag 15. november slår Surnadal Bondelag på stortromma og inviterer til jubileumsfest i Bondehuset i Stangvik. Det er no 100 år sia det vart stifta bondelag i Stangvika, som seinare har slutta seg til Surnadal Bondelag. Da er det nok naturleg med jubileumsfeiring i Bondehuset i Stangvika. I jubileumsåret er det nordvikgardingen Oddvar Mikkelsen som er leiar i Surnadal Bondelag.

Les heile saka

Basar med fotballavslutning

Elinor Bolme Måndag 10. november 2014

I går kveld arrangerte IL Søya sin årlege basar i Myrvang. Her var det som vanleg fullt hus og retteleg basarstemning med både ballkasting, luftgeværskyting og tradisjonellt åresalg med eit enormt gevinstutvalg.

Les heile saka


Eit yrande liv på Rindalsmessa

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. november 2014

Laurdag formiddag opna Rindalsmessa sitt arrangement på Rindalshuset. Omtrent frå starten var det eit yrande liv og mange besøkande. I år er det heile 60 utstillarar, dei fleste frå Rindal, men også mange Surnadalingar og sjølvsagt fleire Todalingar. Det var skikkeleg trøkk utover dagen, og det var mange som bar på store bæreposar etter kvart. Frå Todalen […]

Les heile saka

Moskusen observert i Vindøldalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. november 2014

Det har lenge vore stille rundt moskuskua som først vart observert i Dalabotnan ved Kårvatn først på september og sia på Hjellnes den 20. september. Laurdag dukka ho fram igjen, og da i Vindøldalen. Ein rypejeger på veg til fjells trefte ho ved Holtabrua i Vindøldalen i dag, og observasjonen vart gjort kl 08.55, fortel Lars Olav Lund ved Statens Naturoppsyn til Todalen.no.

Les heile saka

Fortsatt mye å glede seg til

Elinor Bolme Laurdag 8. november 2014

I kveld er det storveies konsert på Surnadal kulturhus med OnklP & De Fjerne Slektningene. Bandets første singel «Styggen På Ryggen» kom ut 22. september og albumet Slekta II kommer den 27. oktober, så her blir det nesten rykende ferske musikkhits som blir servert på deres norgesturne.

Les heile saka