Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trym gikk til topps i skribentkonkurranse

Elinor Bolme Fredag 28. november 2014

Trym Schei Kvendset vart tirsdag overraska av lokalpressa i Surnadal og ein representant frå Teatret Vårt da dei besøkte 6A ved Øye Skule i forbindelse med fylkeskonkurransen «Hvem bestemmer».

Konkurransen var ein del av Teatret Vårt sitt opplegg til alle elevane i 5.- 7. klasse i heile fylket i forbindelse med grunnlovsjubileet.

Les heile saka

Både nye og gamle for 4 nye år

Elinor Bolme Torsdag 27. november 2014

Under Surnadal Arbeiderparti sitt styremøte onsdag kveld vart nominasjonslista for kommande valgperiode vedteke. Her ser ein både nye og «gamle» kandidatar, samt at nokon kanskje manglar. 1. plassen er det sitjande ordførar Lilly Gunn Nyheim som har, medan ein på 2. plass finn Helge Røv som varaordførarkandidat.

Les heile saka

Siste strikkekaffe før jul

Elinor Bolme Torsdag 27. november 2014

Laurdag mellom 14 og 17 blir det arrangert Strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er den siste samlinga før jul, og her blir det derfor avslutta med ei lita utlodning i lag med ein kaffekopp og noko godt å bite i.

Les heile saka

Toril førebur advent i «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2014

Det er no mindre enn ein månad til jul, og førstkomande søndag er det første søndag i advent. For nokre dagar sia trefte vi Toril Redalen på Hageland – nettopp i full sving med å lage ein dekorativ adventsstake. I desember tek ho nemleg fri frå kunstnertilværet, – og blir «sesongarbeidar» på Hageland – og det gler ho seg til, fortalte ho…

Les heile saka

Månadens bilete: Tidlig morgenstemning

Ole Petter Talgø Onsdag 26. november 2014

Nok ei avstemning for månadens bilete er avslutta, og for oktober kan vi gratulere Sjur Fedje som vinnar, med biletet «Tidlig morgenstemning». Vi gratulerer og lover at premien blir overbrakt ved første anledning.

Les heile saka

Tid for Kåre, Steinar og Larris

Elinor Bolme Onsdag 26. november 2014

Årets utgave av Vangsgutane er no i handelen, både i Todalen og ellers i kioskar og bokhandlarar rundt om i landet. Bladet er som vanleg gjeve ut på Fonna Forlag, og har handlinga lagt til Todalen. Også årets utgave er todelt, med ein ny og ein gammel del. Den gamle ført i pennen av Leif Halse og teikna av Jens R Nilssen frå hefter utgitt i 1950 og 51. Den nye delen er skreve av Sverre Årnes og teikna av Ivan Andreassen på tredje året. Henning Sommerro som etter kvart har vorte Vangsgutfan, er forfattar av forordet.

Les heile saka

Laurdag blir det julestemning på låven!

Jon Olav Ørsal Onsdag 26. november 2014

Laurdag blir det skikkeleg julestemning både på gammellåven og nylåven på Kårvatn. På gammellåven blir det julemesse, der du kan få kjøpt litt tå kvart av husflid og andre heimelaga ting. Bundingsstikkene har gått i eitt rundt heile bygda den siste tida, så strikkavarer blir det å få kjøpt. Elles er det er stekt lefser, koka mølsgraut og laga røykelaks. I butikken på nylåven er det også julestemning, og der blir det nok diska opp med både kaffe, gløgg, kakao og sjølvsagt nylaga pepperkaker. Muligheiter for litt julegåvehandel blir det nok der og, fortel Laila Kvendset ved Kårvatn Fjellutstyr.

Les heile saka

KKKK-festivalen følger opp suksessen i Stangvik

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. november 2014

Laurdag 29. november blir det gjenhør med Messiasprosjektet i Stangvik kyrkje. Konserten startar kl 16.00, og da blir det Händels Messias for alle pengan. Mellom solistane er Sigrid V. Bøe, som no har finpussa formen ved Operahögskolan i Stockholm. Musikalsk leiar er sjølvsagt Peder Rensvik. Bernt Bøe har skrive omtale av Messiasoratoriet som altså blir framført i Stangvik laurdag og Nordlandet kyrkje søndag.

Les heile saka

I rute til jul?

Elinor Bolme Sundag 23. november 2014

Førstkommande laurdag er det muligheiter til å komme både i julestemning, og ikkje minst få unna litt juleforberedelsar om ein tek turen til Kårvatn. Her blir det nemleg rå for julekortfotografering på stabburet, med Kristine Saksen Ulvund i Studio Saksen. Ho kjem til å rigge seg til der med slede og fotoutstyr, slik at den som ønsker får hjelp til å gjere ferdig årets julekort på 1-2-3!

Les heile saka

Varma jegrane med svele og gløgg

Jon Olav Ørsal Sundag 23. november 2014

Vi har tidlegare omtale todalingane og andre som jaktar på storvilt i Engdal og Rodal. Laurdag vart det lite resultat av jakta, men derimot venta det ei lita overrasking når dei kom att til «base camp» i garasjen til Kjell Furnes….

Les heile saka

Snøkanon: Endeleg vart det snøproduksjon

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. november 2014

Dei minste har nok venta på snøen no, men vêrgudane har halde igjen, – og tykkjer nok det er litt tidleg enno. Da gjeld det å ta saka i egne hengder og lage snø, slik som «snømakarane» Knut Bergli og Finn Ranes har gjort. Laurdag vart det endeleg kuldegrader nok til å prøvekjøre den nye snøkanonen, – og produsere den første snøen. Snøkanonen er eit samarbeidsprosjekt mellom FAU, Todalen Idrettslag og Todalen oppvekstsenter.

Les heile saka

Snart juleferie på dametrimmen

Elinor Bolme Laurdag 22. november 2014

Dametrimmen orienterer om at torsdagens trim utgår. Neste trimkveld blir dermed torsdag 4. desember kl 20.00. Siste kveld før jul er 11. desember.