Mange lurte på kor gammelvegen ut Stranda gjekk, heile 34 personar møtte opp for å bli med på turen til Todalen historielag søndag. Veret var fint, sol og vindstille. Vi starta frå Rossåa kraftverk, gjekk utom Storløfta før vi begynte på den gamle, bratte stigen i retning Hjellnes. Opprinneleg starta den gamle kløv- vegen/ stien ved enden av Storura litt lenger inne, men der er det no uframkomeleg på grunn av ras.
Les heile sakaSong for eit begeistra publikum…
VOK – eller Sunndal kulturskoles vokalensemble – starta der dei slutta sist dei var i Todalen på konsertturné i 2013. Første post på programmet var «Voggevise» som er ein folketone, arrangert av Øystein Årva. Det var ein klårstemt gjeng som inviterte til konsert i Todalen kyrkje søndag kveld, med sin dirigent og korleiar Lone Eines. Og publikum tok vel i mot dei, sjølv om dei ikkje var så mange – med stort og smått var det eit trettital som hadde benka seg i kyrkja for å nyte korsongen.
Les heile sakaNorsk Vandrefestival med base i Bøfjorden
Norsk Vandrefestival er selvsagt med å feire Friluftslivets år med fokus på uteliv for barn og unge. Hovedsatsinga i år er derfor ein familecamp med en rekke aktivteter lagt til ei nydelig vik i Bøfjorden. Dei har også andre aktiviteter på programmet og samarbeider blant anna med det interkommunale friluftsårtiltaket «52/17 Søndagsturen» som foregår i Halsa, Surnadal og Rindal, se mer på www.5217.no .
Les heile sakaKommunereforma i kretsane, no oppsummert
På Surnadal kommune si heimeside er referat frå alle 4 grendamøta vedrørande kommunereforma no lagt ut. Her fordelt på den enkelte krets, også med oppsettet over kva for kommunekonstellasjon den enkelte oppmøtte kryssa av i dei 4 kretsane Mo , Todalen, Stangvik og Bøfjorden og Bæverfjord (felles).
Les heile sakaOppstart med knøttetrening
Tirsdag kveld meldes det om at todalens einaste fotballag startar opp med sesongens trening fram mot ein spennande fotballsesong. Da entrar knøttane Bordholmen kl 18, og startar med utetreningane sine. Det betyr at innetrening på Todalen skule på mondagar fell bort.
Les heile saka52/17- Søndagsturen til Halsa og Åkvikhola
Komande søndag går søndagsturen til Halsa. Det er oppmøte på Halsanaustan ved Halsa ferjekai, før «ekspiedisjonen» går vidare derifrå til Åkvikhola med Tore T. Halse som lokalkjent guide.
Les heile sakaStorrundt: Brusetgrenda
Denne gongen er vi komne til Brusetgrenda i Todalen Historielag sitt bildearkiv på tur rundt Todalen med bildeseriar frå eldre tider. Denne gongen er det frå Ner Nesset til Elvagrd som er presentert. Meir teksting inne på det enkelte bilde.
Les heile sakaSteinar tek over som ny leiar
Årsmøtet i Todalen Idrettslag samla i år som i fjor 22 medlemmer til ein gjenomgang av lagets aktiviteter i 2014. Dei enkelte underavdelingane og hovedstyret la fram sine respektive årsmeldinger, i tillegg til at kasserar Tormod Kallseth gjekk i igjennom rekneskap og budsjett. Årsmeldingane, rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 vart også denne gong godkjent av dei frammøtte.
Les heile sakaI helga blir det radioinnslag frå Kårvatn
Da vi var innom og kika på påskesalet hos Kårvatn Fjellustyr i påskeveka, trefte vi Tove Fugelsnes frå NRK der. Ho lova oss å kome med eit hint om når opptaka frå Kårvatn skulle kome på lufta, og i dag «tikka det inn» ei kort melding om at det kjem stoff derifrå både i «Friluftsmagasinet laurdag» og «Naturens verden på søndag».
Les heile sakaStem på månadens bilete for mars
Etter ei fin påske er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete gjennom den siste månaden! Nedanfor finn du kandidatane vi har plukka ut denne månaden. Stem på din favoritt nederst på sida. Du kan stemma ein gong i døgnet (kvar 24. time) […]
Les heile sakaFullt hus på onsdagstreff
I dag var det Eistein Bæverfjord og Olina Halle som var aktørar på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus. Kammerset var fullsett av interesserte og fornøgde tilhøyrarar! Bæverfjord viste klipp frå filmen han lagar om krigsminne frå Surnadal. Bæverfjord er komen langt i innsamlingsarbeidet, men Stangvika og Røgrenda er enno ikkje besøkt. Klippa han viste var interessante, så det er berre å gle seg stort til det blir filmpremiere i september! Bæverfjord opna for innspel frå salen, og han fekk ein del gode tips han kan ta med seg i det vidare arbeidet.
Les heile sakaVi har alt fått mange lam – travelt åt Nils Erik!
I Oppistua på Hjellnes er det ein stor flokk med utangarsau som no er klare for lamming – 4-5 sauer har alt lamma, og til no er det kome 7-8 nye og svarte lam. Nils Erik som går siste året i barnehagen i Todalen, har mesta ikkje tid til å være i barnehagen no. Og […]
Les heile saka