Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har du sett «svanå» i Kjerringa?

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Hønhalsen og Porkå er kjente snømerke som vi veit om i Blåfjellet og Kjerringa, men no får dei også konkurranse frå Svanå som er ei snøfonn i Midt-Kjerringa, som da sjølvsagt likar ei svane. Det er Martinus Torvik som viser oss svanå, som er lett å sjå for oss frå terrassen på Høyem. Den er […]

Les heile saka

No må du nyte finvêret!

Jon Olav Ørsal Måndag 3. august 2015

Vi har lagt attom oss eit par sommarmånader med mykje skodde og regn, så det er på tide at vi får sjå sola. Bildet er frå måndag morgon, med utsikt mot Husby. Sola er i gang med å fordampe restane etter gårdagens regn og nattas dugg. Egentleg ein flott skue å nyte til frokosten i dag, sjølv om temperaturen i 7.30-tida var berre på 6 varmegrader.

Les heile saka

Kulturvandring innover Søyådalen.

Marit Haugen Sundag 2. august 2015

Det har ikkje vore mange solskinnsdagar i sommar, men laurdag den 1. august da Stangvik Historielag hadde bestemt å ta ei «kulturvandring» innover Søyådalen, var det ikkje mange skyer på himmelen. Vi starta med samling ved gammelskulen oppå Eidet, der ein av gaidane, Torbjørn Polden, orienterte litt om turen vidare. Første stopp var ved Gammelseterbrua. Like ved deler dalen seg i to, vi får Terrådalen «beint fram», og Søyådalen tek ein sving mot høgre ikkje langt innafor her. Torbjørn fortalte her om Gammelsetrene, som låg på andre sida (nord-sida) av elva, og nemnte og dei to setrene som låg inne i Tverrådalen. Når vi stod og såg oppover liene her, var det ganske utruleg at det har vore markaslått oppi her – vi såg ikkje mange grøne «lunger» oppi olderskogen her i dag.

Les heile saka

Måndag: Gubbetrim på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Sundag 2. august 2015

Måndag kveld er det gubbetrim med fotball på Bordholmen. Start kl 19.00 og merk deg tida, melder Ivar Helge Kvendset i TIL trimgruppa og minner samtidig at det er mindre enn 14 dagen til returkampen mot Bøfjorden. Han håper at alle har halde forma vedlike i ferietida, slik at det berre står att finpuss til returoppgjøret som altså går laurdag 15. august kl 18 i Bøfjorden.


Todalen.no testar stikk-ut i Halsa.

Mari B. Redalen Laurdag 1. august 2015

Da sola endelig viste seg var dagen perfekt for å ta en tur til fjells. Valget i dag ble stikk-ut tur til Saksa/Blåfjellet i Halsa kommune. Kjent for å være det finaste utkikkspunktet i kommunen

Les heile saka

Kosa seg i finvêret

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2015

Laurdag vart det plutseleg ein finvêrsdag, med blå himmel og sol frå morgonen. På ein kjapp runde rundt bygda registrerte vi mange som var innom butikken for å ruste seg ut for å ta ein etterlengta fjelltur. I Toåa var laksefiskarane på plass for å prøve seg på laks- og aurefisket. Årets laksefiske ser ut til å bli ein av dei betre sesongane, med mykje så og mellomstor laks som har vore villig til å bite, medan aurefisket har vore heller labert så langt i sesongen.

Les heile saka

Norway Cup dag 6; med tap i bronsefinalen

Elinor Bolme Fredag 31. juli 2015

Kun eit lag er att i sluttspelet i Norway Cup. Surnadal sitt J19 7’er lag har no i morgontimane spela semifinale mot Lunner/Harestua. Tap i denne kampen resulterte i bronsefinalespel der dei møtte Furuflaten IL, som dessverre vart for sterke for surnadalsjentene.

Les heile saka

Fjord1 – Rute 46 Kvanne – Rykkjem har normal drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2015

Rute 46 – Kvanne – Rykkjem var tidlegare i dag ute av drift ei kort stund. Frå kl 8.50 er det igjen normal drift, men Fjord1 melder at det kan bli forsinkingar utover dagen da selskapet har tekniske utfordringar med fergekaia på Rykkjem. Les også omtale på Driva.no

 


Norway cup dag 5

Elinor Bolme Torsdag 30. juli 2015

Dagens kamper er i gang og G16 Surnadal har akkurat slått ut Jølster og sikret seg videre spill i 1/8- finalen i kveld. J14 KUST er desverre utslått, men øvrige surnadalslag henger ennå med med gode resultater! J19 Surnadal har sikret besteplassering i Surnadal IL sin Norway Cup historie med semifinaleplass som spilles 9.00 i morgen tidlig.

Les heile saka

Kulturvandring til Søyådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juli 2015

Laurdag 1. kan du bli med Stangvik historielag på kulturvandring til Søyådalen. Vandringa går i det landskapet som vart omtala i boka om Søyådalen som vart lansert tidlegare i sommar. Her har du ein unik sjangse til å bli med forfattarane av boka og andre kjentfolk på tur til Søyådalen.

Les heile saka

Med pågangsmot og tru på framtida

Elinor Bolme Torsdag 30. juli 2015

Fleire har kanskje allereie lese reportasjen om Jo Magnus Torvik som ved ei trampolineulykke vart lam i fjor vår. Jo Magnus har to sett med besteforeldre i Todalen og er ein knalltøff gut som har fått snudd livet sitt opp ned på eit blunk. Gode støttespelarar og mykje ståpåvilje har gjort at han har stor […]

Les heile saka

Jubileumshefte – tek vare på historia

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juli 2015

Vi har tidlegare fortalt om Surnadal pensjonistlags 40-årsjubileum og jubileumsfesta på Angråmyra den 26. august. Det er no sendt ut invitasjonar til festa med svarfrist til 8. august. Til jubileumsfesta er det laga eit flott jubileumsskrift som medlemane skal få utdelt der – heile 44 sider med eit samandrag av historia heilt frå starten i […]

Les heile saka