Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Jubileumshefte – tek vare på historia

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. juli 2015

Vi har tidlegare fortalt om Surnadal pensjonistlags 40-årsjubileum og jubileumsfesta på Angråmyra den 26. august. Det er no sendt ut invitasjonar til festa med svarfrist til 8. august. Til jubileumsfesta er det laga eit flott jubileumsskrift som medlemane skal få utdelt der – heile 44 sider med eit samandrag av historia heilt frå starten i 1975 og fram til no.  Det vart ei flott trykksak, med med mange flotte bilder frå aktivitetar i pensjonistalget gjennom heile perioden.

Det er styret i Surnadal pensjonistlag og leiar Johannes J. Vaag som har lagt lista for teksta til 40-årshistoria, medan Vidar Sogge har levert det meste av bildemateriellet som er frå nyare dato.  Sjur Fedje har hatt ansvaret for formgiving og jubileumsskriftet er produsert av Fræna-Trykk i Elnesvågen.

VedHonnstadvatnet2011_nr27.jpg

Bildet på midtsida i jubileumsskriftet. Det er frå utløpet av Honnstadvatnet, og er frå 2011. Foto: Vidar Sogge.

Mykje av bildemateriellet er frå pensjonistlagets stavgangturar – stavganggruppa har vore veldig aktiv heilt sia starten i 2006 – og Vidar Sogge har nærast vore hoffotograf frå turane dei siste 7-8 åra. Mellom anna har Todalen.no og trollheimsporten hatt stor glede av å dele bilda med lesarane. Eit 50-tal av dei flotte bilda er bruka i jubileumsskriftet og det er bilder både av folk og natur. I tillegg er det ein del bildemateriell av andre aktivitetar heilt frå starten i 1975 og fram til no.

VidarSogg_florafoto_2013_54

Vidar Sogge er knappast med på noko anna bilde enn dette som Magnhild Dyrnes har knipsa. Her er Vidar oppteken med å få ei eller anna plante «på filmen». Foto: Magnhild Dyrnes.

Det har vore ein travel periode utover våren med sorteringa av bilder og redaksjonelt arbeid eller, men no er hetet ferdig og ventar berre på å bli delt ut på jubileumsfesta. dei to er godt nøgd med resultatet og gler seg til å dele bilder og tekster med medlemane.  Bilda i heftet og mange andre bilder blir det forresten muleg å få kjøpe på CD for ein rimeleg penge. Den blir ferdig til jubileumsfesta og blir bydd fram der, fortel Sjur og Vidar.

Minner også på om påmeldingtil jubileumsfesta som det er sett frist for til 8. august 2015.  Påmelding skjer til Lisbet tlf 71661043 eller Brit 71663598, medlemar betaler kr 150. Program og info om påmelding til festa finn du her.

Først publisert: 30. juli 2015, 05:00 - Sist oppdatert: 29. juli 2015, 21:36