Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torsdag: Historielaget med årsmøte den 31. mars

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mars 2016

Årsmøta går «slag i slag» i dei ymse lag og foreningar. Denne gongen er det Todalen historielag som melder om årsmøte som er dagsett til torsdag 31. mars. Det skjer i todalen ungdomshus kl 19.30, og her kan du lese meir om det som skjer på årsmøtet.

Les heile saka

Tidleg på’n…

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mars 2016

Jon Bruset har sendt oss bilde eit bilde av kvitsymre som han hadde funne på ein lun plass i nedre del av Romålia. Han seier det er uvanleg tidleg for kvitsymre i mars månad, men er usikker på om det er nokon form for rekord for dette området. Utover veka er det meldt litt kaldare […]

Les heile saka



Feil svar gir i år 1. premie…

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Årets påskekrim er over og vi har fått inn fleire gode forslag på løysing. Desverre var det ingen som var like djerv som frøken Bladfyk og klarte å finne løysinga som var sjølvaste ordførar Lilly Gunn Nyheim. Fleire hevda til og med at Lebrekk Bladfyk hadde teke feil!

Les heile saka

Sesongkickoff med Micke

Elinor Bolme Tysdag 29. mars 2016

Onsdag 30. mars kl 18.30 er det klart for årets sesongkickoff for Idrettslaget Søya. Da inviterer fotballgruppa alle fotballvenner (spelarar, lagledarar, trenarar, foreldre) i Søya til eit spennande arrangement på Surnadal ungdomsskole.

Her blir det høgtidelig presentasjon av alle spelarane (med ein liten overraskelse til alle), lagledarar og trenarar.

Les heile saka

Snøen fikk bein å gå på……

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Dei siste dagane har det på det næraste vore sommartemperatur. Jon Bruset rapporterer 16 varmegrader på det meste heime på Småhjellan. Det er mykje til å være mars månad, men det er slett ikkje den varmaste marstemperaturen som er målt i Brusetmarka. Bla vidare så får du sjå dokumentasjonen…

Les heile saka

Påsketradisjon: Gudsord i friluft…

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Friluftsgudsteneste på Haugligardane har vore tradisjon dei siste 16 åra. Ein gong har vi flytta gudstenesta til kyrkja på alle desse åra, fortel Bernt Bøe, som har vore organist heile denne perioden. Den gongen flytta vi innomhus på grunn av dårleg vêrmelding, men vêret vart betre enn meldt og vi kunne faktisk ha arrangert ute denne dagen og. – Den sikraste måten å få godvêr på er å arrangere friluftsgudsteneste i Todalen gliste han

Les heile saka

Den store sjakkfinalen – Amund vart mester

Jon Olav Ørsal Måndag 28. mars 2016

Det var knytta stor spenning til den store sjakkfinalen i Todalen ungdomshus 2. påskedag. Etter innleiande konkurransar i Kaffekroken utover heile etterjulsvinteren, var det endeleg klart for å kåre mein mester. Presis kl 16.00 starta både bronsefinalen, der Terje Nordvik og Anders Talgø kjempa om bronseplassen og Amund Talgø og Kristoffer Nordvik kjempa om gull- og sølvplass.

Les heile saka



Hugs: Sommartid frå i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2016

Natt til 1. påskedag er det tid for å stille klokka ein time fram til sommartid. Det skal skje kl 02 natt til søndag og du skal stille klokka fram til kl 03 og dermed blir denne natta ein time kortare enn vanleg, men den timen får du att til hausten.

Les heile saka