Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det.
Les heile saka
Strait-air, backflipp og skoffkak
I morgon torsdag 15. mars inviterer Surnadal Alpinsenter til eit lågterskeltilbud i snow-parken sin der alle har muligheit til å delta uansett ferdigheitsnivå. Her blir det muligheit til å forsøke seg på ein luftig strait-air på den minste hoppen eller ein dobbel backflipp på den aller største hoppen.
Les heile saka
Overraska prisvinnar
Lars Steinar Ansnes fekk målprisen for 2017. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Nordmøre mållag på Averøy laurdag 11. mars .
Les heile saka
Årsmøte i Todalen.no gikk kjapt unna
Med vanlege årsmøtesaker på agendaen og leiar Stig Husby som ordstyrar gikk årsmøtet i Todalen.no kjapt unna. For andre år på rad har nettstaden eit negativ resultat, men det er ikkje nokon fare på ferde, seier leiaren. No tek styret grep for å snu denne trenden.
Les heile sakaHandlar lokalt, tenkjer globalt
20. mars er det klart for årets fasteaksjon for Kirkens Nødhjelp. Denne blir gjennomført av konfirmantene rundt om i kommunen, og Gro Hauge Venås frå kyrkjekontoret har sendt oss ei pressemelding.
Les heile saka
Årsmøte i Todalen Båtforening
Også Todalen Båtforening gjer seg klar til det årlege årsmøtet. Det blir på Pakkhuset Pub søndag 8. april melder styret:
Les heile sakaVil presentere Nordmørsforfattarane
At Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Anne Karin Elstad høyrer med blant Nordmørs-forfattarane, er alle samde om. Men kva med Arnulf Øverland – som er fødd i Kristiansund – eller Hans Kristiansen, Oslo-guten som mellom anna har skrive flotte dikt frå Kristiansund og frå Todalen?
Les heile saka
INF er bekymra for den sivile beredskapen
Indre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) var nyleg samla til årsmøte. I ein uttale frå årsmøtet vil dei gje uttrykk for at dei er uroa over dei stadige øydeleggelsane som uver påfører samfunnet som følgje av klimaendringar. Årsmøtet oppmodar derfor kommunar og andre sivile instansar til å gå gjennom sine planar for beredskap og oppgradere desse, slik at vi i framtida mest muleg kan forebygge mot ekstreme vêrforhold.
Les heile saka
Kløvertur i litt ruskut ver
Sjølv om det var snø i lufta og litt kald trekk, møttest åtte damer framfor Halsbua måndag 12. mars. Turruta vart bestemt i fellesskap der og da, og turen gjekk etter allmannvegen frå butikken innover Kvennsetgarden og rundt om Husbygardane.
Les heile saka
Full fart på skileik
Ei knippe ungar var i dag på Tjønnmyra og «rasa frå seg» i løypa og anlegget rundt. Her var det også rå å få kvile seg med ei pølse eller to rundt bålpanna om behovet meldte seg.
Les heile sakaVelsmakande delikatesser og fokus på likestilling
Todalen sanitetsforening inviterte i dag naboforeningane til lokal Kvinnehelsedag, direkte frå Oslo kongressenter. Anledninga var at Norske Kvinners Sanitetsforening hadde streaming av sitt arrangement i Oslo, slik at enda fleire enn dei 1200 frammøtte i Oslo også kunne ta del i den store konferansen.
Les heile saka
Sakliste årsmøte Todalen IL
Torsdag er det årsmøte i Todalen IL, og styret har sendt oss fullstendig sakliste til møtet. Her blir det ordinære årsmøtesaker, samt en del innkomne saker. Møtet starter klokken 19 i Todalen Ungdomshus.
Les heile saka