Knut Ola Høvik og Ingeborg Hamnes frå Surnadal fekk heftige minner frå fotturen i Trollheimen. Dei la ut frå Todalshytta laurdags morgon som første etappe på rundturen. Dei hadde planlagt å ta turen til Innerdalen, vidare til Storlidalen og heimatt gjennom Gammelseterdalen og Kårvatn – alt dette på ein dag og 52 km til fots.
Det meste av turen gjekk utan noko form for dramatikk. Siste etappe gjekk frå Storlidalen mot Kårvatn, etter turistruta via Tovatna og gjennom Gammelseterdalen. Denne turen er sett til 4-5 timar, så det vart etter kvart behov for å bruke haudlykt på siste delen av turen gjennom skogen i Gammelseterdalen.
Les heile saka
Aron Rodal Haugen sette ny løyperekord på 21 K fjellhalvmaraton på laurdagens Meråker Mountain Challenge 2025. Han kom inn på tiden 1:45:30, som er ny løyperekord. nr 2 vart Vemund Johnsborg på tida 1:57:10 og på tredjeplass Torleif Syrstad på tida 1:59:59.
Les heile saka
Isak sikra seg i dag 8.-plassen i VM i Skyracing i Italia. I konkurranse med eit knapt førtitals deltakarar i sin klassa hamna han til slutt på ein 8.-plass og det er det nok god grunn til å være nøgd med i slikt selskap. Det var i dag tidleg fellesstart for alle klassar kl 8.15 og det var fine forhold for dagens løp, med temperatur på 15-16 grader.
Les heile saka
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna driftsproblem er sambandet innstilt inntil vidare. Det melder Fjord1 søndag morgon, samtidig som dei melder om normal drift frå Kvanne klokka 08:15
Den årlege fiskekonkurransen i regi av Surnadal JFF går av stabelen torsdag 7. august mellom 18:00 – 20:00. Det skjer på Nordvik, nærare bestemt ved Røe-Slettneset, med Ola Røe som vertskap. Her blir det båttur med fiskekonkurranse og etterpå blir det grilling og sosialt samvær. Arrangementet er både for store og små, og det blir høve til å bli med på båttur ut på fjorden for å prøve fisket.
Les heile saka
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal avsluttar ferien og opnar haustsesongen med å gå Svinvikrunden. På grunn av vêret med varsel om regn er den planlagte turen til Innerdalen utsett inntill vidare, og altså erstatta med tur i Svinvikrunden.
Les heile saka
Isak Drøpping deltek denne helga i junior-VM i Skyrunning i Italia. Isak representerer Trollheimen fjellsportklubb, og er i Fonte Cerreto i Italia saman med ei gruppe på 18 løparar som er uttekne til å ta del i junior-VM i Noregs fargar. I dag var det vertikal (rettare sagt motbakkeløp) som stod på programmet i den sterke varmen. Her var det ingen som kunne slå spanjolen Biel Sagues Roviva som kom i mål på 37,30 – Isak kom på 6.-plass på tida 42,57 altså + 5,28. Det er eit resultat som han bør være nøgd med i varmen som no rår i Italia.
Les heile saka
Etter at Toåa var stengt for fiske nokre dagar på grunn av lita vassføring og høg vasstemperatur, har det vore godt fiske den siste veka. Den siste veka er det teke 10 laks og aure – det mestesmålaks – tilsaman er det no teke 40 laks og sjøaure i denne sesongen som har vore litt spesiell.
Les heile saka
Torsdag hadde Marit Tørset (69) sin siste arbeidsdag ved Matkroken Todalen, og gjekk med det over i pensjonistane sine rekker. Rett nok har ho sagt ja til å vere tilkallingsvikar på butikken, så vi vil nok treffe Marit bak kassen på butikken også somme tider framover.
Les heile saka
I 2022 flytta Per Reiten, fødd og oppvaksen i Ørsalgeilen, til ei av dei nye leiligheitene på Moatunet på Bårdshaugen i Surnadal. Per var i mange år sjåfør for Fosen Trafikklag og bodde saman med familien sin på Leinstrand i Trondheim kommune. Da han vart pensjonist, flytta han heimatt til Ørsalgeilen.
Les heile saka
No er det knappe tre veker til Kårvatn Skyrace 2025, som arrangerast på Kårvatn laurdag 16. august. Det ligg an til rekorddeltaking, og det har alt kome påmelding frå 40 deltakar som altså stiller på startstreken i gardstunet på Kårvatn. Erik Kårvatn som er fast inventar på randonee-landslaget stiller til start på heimebane denne dagen, og er godt forbredet på det. – Eg har aldri vore så godt trena som eg er no, og eg gler med til full rundtur i 29 km-løypa.
Les heile saka
Kvart år i veke 31 arrangerer Bækkelaget Sportsklubb fotballturneringa Norway Cup i Oslo. Dette er ei internasjonal turnering, og er ifølge arrangørane verdas største fotballturnering for barn og ungdom. Surnadal og IL Søya stiller i år med ni lag, som har med spelarar frå Toalen, Nordvik, Kvanne og Stangvik.
Les heile saka