Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du sikre deg boka om husmorskulen – fredag blir ho presentert

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. april 2017

Gikk du på Nordmøre Husmorskule i perioden 1921 og fram til 1977 vil du nok ha stor interesse av å skaffe deg boka om Nordmøre Husmorskule som no er komen. Det er Einar Oterholm som er forfattar av boka som omhandlar historia fram til skulen vart vidaregåande skule i 1978. Fredag kveld (7.4.) blir boka presentert under eit arrangement i Halsa heimbygdlags regi der forfattaren viser lysbilde og fortel om husmorskulen og Bernt Bøe fortel om boka som no er komen i sal.

Les heile saka

Påskesalg på Kårvatn Fjellutstyr

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. april 2017

Palmehelga og fram til onsdag blir det påskesal på Kårvatn. Av mange gode tilbud kan vi nevne spesielt at vi gir opptil 70 % rabatt på utvalgte Sir Joseph dunjakker, opptil 60% på utvalgte ski fra SkiTrab denne perioden. I tillegg skal ein mengde demo-ski ut til sterkt reduserte prisar.

Les heile saka

Med KBK og MøreRoyal terrasse i fokus i helga

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2017

Lørdag fikk endelig Kristiansund Ballklubb sin debut på øverste nivå i norsk fotball, og nordmørsklubben tok imot krets-kollega Molde FK i aller første kamp. Med stolthet kunne klubben vise fram en betydelig oppgradert stadion med mange store investeringer og utallige dugnadstimer nedlagt. En av de store nyvinningene på stadion er den splitter nye supportercafèen Slatlems Corner med uteserveringen MøreRoyal® Terrasse, der Talgø har stått for leveransene til et fantastisk flott uteområde som fremstår som unikt i fotballstadionsammenheng.

Les heile saka

Inviterte seg sjølve på butikkbesøk

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2017

Måndag var det celebert besøk i Kaffekroken – vi dumpa midt oppi møte mellom kommuneadministrasjon – les kommunalsjef Karin Halle, ordførar Lilly Gunn Nyheim, rådmann Knut Haugen og handelsmannen sjølv, Terje Nordvik. På spøkefullt vis spurte vi om dei var i Todalen for å hente inspirasjon til kveldens skuledebatt i kommunestyret, men det benekta dei….. […]

Les heile saka

No er det tid for branntilsyn….

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2017

Måndag trefte vi feiarane Jon Nordvik og Hans Chr. Hårstad i Brusetmarka, der dei hadde branntilsyn hos Gunnar Nordvik – både i verkstaden og i privatboligen. Dei hadde starta ovafor Falla, og er no komne til Brusetmarka. Men dei skal fullføre runden rundt heile bygda før dei gir seg, fortalte Jon.

Les heile saka


Hundre prosent oppmøte!

Dordi Jorunn Halle Måndag 3. april 2017

Søndag 2. april var det utdeling av «Mi kyrkjebok» til 6-åringane i Todalen sokn. Alle dei fem seksåringane var møtte fram for å ta imot boka si – altså 100 %, det tykte Torbjørn prest var riktig kjekt.

Les heile saka

Mange elementbygg til Helgeland

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Talgø MøreTre sel elementbygg over heile landet – vi har tidlegare skrive om ridehallen som vart levert til Barduområdet, og det er elles levert elementbaserte landsbruksbygg i tre over heile landet. Men sjølsagt er flest bygg levert til kundar i region Midt-Noreg. – Mange prosjekt har gått gjennom Bindalsbygg, som er ein Talgø-eigd Bygger’n-butikk som er lokalisert til Terråk i Bindal kommune. I forrige veke hengte vi oss på da byggsjefen sjøl, Svein Løvik besøkte kundar og prosjekt i Sør-Helgeland sammen med konsernsjefen.

Les heile saka

Biblioteket – Opningstid for Todalen filial

Jon Olav Ørsal Sundag 2. april 2017

Karen Johanne ved bibliotekets filial i Todalen melder om avvik i opningstida nokre veker i vår. Førstkomande veke er biblioteket stengt måndag 3. april – i staden er det ope torsdag 6. april til vanleg tid – frå kl 18-20. Måndagane 10. og 17. april er det påskeferie og dermed stengt ved filialen i Todalen.

Les heile saka

Måndagstur til Løfta og Sissihaugen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. april 2017

Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.

Les heile saka

Vårteikn og store vedrøyser…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Skal ein dømme etter størrelsen på vedrøysene så går vi ein skikkeleg kaldvinter i møte til neste vinter.  Når arbeidet med vedkapping og kløyving startar, så er det eit sikkert vårteikn.  Da er det viktig å kome i gang tidleg, og så trur eg det føles som status å ha store røyser og mange vedpallar. […]

Les heile saka

Abraham kjem med laurdagsavisa…

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. april 2017

Sidan Posten slutta med distribusjon av laurdagsavisa er det Abraham som har sørga for at avisene kjem i rette postkassane. Abraham har ansvaret for Todalen, Kvanne og Stangvik. Litt plunder var det nok i starten, men etter kvart er han komen godt i system og no er runden raskt unnagjort.

Les heile saka