Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag torsdag 8. november kl. 14.00 i Sanitetshuset. Dei vil servere skinkesteik og kjøttkaker med godt tilbehør. Kaffe og dessert etter hovudretten. Pris 200 kroner.
Les heile saka
Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]
Les heile saka
I dag har nesten 100 000 frivillige gått med innsamlingsbørser for den årlege TV-innsamlingsaksjonen. I år går innsamla midler til Kirkens bymisjon, og deira prosjekt «Mindre alene sammen» som skal arbeide for å skape eit varmere og meir inkluderande samfunn.
Les heile saka
Einy Elgsæther regisserte ein rikhaldig musikkandakt for fullsett Eidet Bedehus fredag kveld. Ho hadde skaffa dyktige bidragsytarar. Levanger-duoen Svein Gjære (komponist og pianist) og Svein Volle (solosong), Ola Bræin (munnspel) og Vidar Rygh (andakt) skapte fin oppleving av tonar, tekster og tolkingar. Dessutan sørga dyktige Normisjons-venner for servering av beste merke.
Les heile saka
Tirsdag 6. november inviterer Byggmakker Surnadal til den årlege interiørkvelden i sine lokaler. Tidlegare arrangement har vore kun for damer, men denne gongen ønsker dei både damer og herrer hjerteleg velkomne til ein allsidig kveld med mykje inspirasjon, tips og triks innan interiør og byggevare.
Les heile saka
Astrid Lindgrens eventyrlige klassiker blir framført på Surnadal kulturhus søndag 28. oktober. MIO, MIN MIO er historien om den foreldreløse gutten som blir prins Mio. En storslått og vakker fortelling som vekker tanker om livet og døden, det gode og det onde og om kjærlighetens makt.
Les heile saka
Den nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.
Les heile saka
Som tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel.
Les heile saka
Det vart eit både hyggeleg og lærerikt møte då Senioruniversitetet 17/10-18 besøkte Røv Mølle, og dei 26 deltakarane avslutta orienteringa med å få servert både bygg-graut, kaffe og kake – og omvisning. Mange av oss køyrer forbi mølla neste dagleg, men dei færraste har vore innom dørene, og enda færre har innblikk i den spennande mølledrifta som Lina og Tove Mogstad i dag står i spissen for.
Les heile saka
Er du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette! Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!
Les heile saka
Førstkomande søndag (21.10) blir det straumutkobling før naudsynt vedlikehaldsarbeid på straumnettet, melder Svorka Energi. Det skjer på strekninga Melhus – Kårvatn i tidsrommet 9.00 – 16.00. Dersom du har spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.
Merkurprogrammet og handelsdepartementet er initiativtakarar til årets store handledag. Det dreier seg enkelt sagt om å informere om kor viktig nærbutikken er for å skape levande bygder. Merkurprogrammet sørger for behovsprøving av driftsstøtte og investeringsstøtte for nærbutikkar som ligg meir enn 25 km frå næraste konkurrent og som har ein viktig funksjon for å gjera bygdene livskraftige. Laurdag 20. oktober blir det eit skikkeleg kaffeslabberas på Matkroken Todalen, med servering av gratis kaffe og blautkake frå kl 10 og utover så langt det rekk….!
Les heile saka