Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øyabrua stengt på ubestemt tid

Elinor Bolme Måndag 13. november 2017

Pilskarvegen er no stengt for all motorisert trafikk ved Pilskarvegen bru, melder Surnadal kommune. Kommune bruker firmaet Safecontrol til å utføre periodisk ettersyn med alle kommunale bruer. Ved hovedettersyn no i haust vart det avdekka større svakheiter på bæresystemer på brua. Av sikkerhetsmessige årsaker kan det derfor ikkje settas trafikk på den

Les heile saka

Markerer 25-årsjubileum

Elinor Bolme Sundag 12. november 2017

Kårvatn Fjellutstyr fyller i år 25 år og dei inviterer no alle saman til fest 3 dagar til ende. Laurdag ettermiddag blir det foredrag av Rune Gjeldnes og minimum 25% rabatt på heile butikken!

Les heile saka

I dag: Bokslepp for historielagets nye årsskrift for 2017

Jon Olav Ørsal Sundag 12. november 2017

Søndag 19. november kl 14 er det klart for presentasjon av Todalen historielags årsskrift for 2017. Dette er årsskrift nr 17 i rekkja, med 84 sider med variert lokalhistorie frå Todalen og Nordvik. På boksleppet i Todalen ungdomshus vil det bli ein presentasjon av årsskriftet, samt utlevering av heftet som er inkludert i medlemskapet og sjølvsagt høve til å kjøpe årsskriftet for alle som er interessert, fortel John Moe som er leiar i Todalen historielag.

Les heile saka

Nyhet: Excellent farsdagsgåve i sal på Matkroken

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. november 2017

Den store nyheita denne dagen er ny Todalen.no-kopp, som har premiere i dag. Den har mintfarga innsideglasur, og har dekorativ Todalen.no-logo på utsida. Den kostar kr 100,- og er i sal på Matkroken Todalen frå i dag.

Les heile saka

Gi julegåve til trengande i Estland

Elinor Bolme Laurdag 11. november 2017

I fleire år har medlemmane i Todalen sanitetsforening sendt julegåver til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga. I år oppfordrer dei fleire til å gjere det same, og inviterer i den anledning til pakkedugnad i Sanitetshuset søndag 12. november.

Les heile saka

Dårlege mødre og farleg togtur

Steinar Hasselø Fredag 10. november 2017

To nye filmar på Surnadal kino frå fredag av; ein tek for seg nokon dårlege mødre skal feire jul og den andre fortel kor viktig det er å teikne livsforsikring før ein tek toget. I alle fall så lenge Agatha Christie legg opp reiseruta.

Les heile saka

Nordisk bibliotekveke i skulen

Elinor Bolme Torsdag 9. november 2017

Skulen markerer også i år den Nordiske bibliotekveka med eit arrangement måndag 13.nov på biblioteket, og håpar at mange tek ein tur for å sjå på utstilling av nye bøker og ulike aktiviteter til vaksne og born.

Les heile saka


Månadens bilete: Solnedgang på Åsbøsnytå

Ole Petter Talgø Torsdag 9. november 2017

For oktober kan vi gratulere Anja Dalsegg Sæter som vinnar av månadens bilete med » Solnedgang på Åsbøsnytå» med 77 av dei 252 stemmene som kom inn denne månaden. Tett bak fulgte Nordåbotn fra Gudmund K Kvendset og Høst i hagen fra Brit Hansen. Vi treng sjølvsagt fleire bilete, og du har god tid enda på å ta et blinkskudd som kan stikke av med tittelen som månadens bilete for november.

Les heile saka

Vegarbeid i Falla: Den første salva har gått

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. november 2017

Vegarbeidet i Falla er for lengst kome i gang. Mykje av den første veka har gått med til rigging og førebuing, men no har den første salva gått. Det er laga ein eigen omkjøringsveg over Tjønnmyra, så trafikken går sin gang til bebuarane i Markagardan og til Kårvatn.

Les heile saka

Revy på gang: – «Mykkjy på fer» frå Svarrabærje

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. november 2017

Tysdag kveld var det generalprøve på revyen «Mykkjy på fer» i kulturhuset. Det er Svarrabærje teaterlag som står attfor, og torsdag kveld er det klart for premiereforestilling. Førebuingane har føregått sia midten av september denne veka blir det 4 førestillingar – premierekvelden er i skrivande stund på det næraste utselt.

Les heile saka

Årsmøtetid – Søya og Todalen skytterlag

Jon Olav Ørsal Tysdag 7. november 2017

Måndag 27. november kl 20 inviterer Søya og Todalen  skytterlag til årsmøte på Talgøfabikken på Kvennset. Vanlege årsmøtesaker står på saklista, og laget byr på enkel servering under møtet. Eventuelle saker til årsmøtet må være leiar Håvard Halset i hende innan 20. november.