Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Revy på gang: – «Mykkjy på fer» frå Svarrabærje

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. november 2017

Tysdag kveld var det generalprøve på revyen «Mykkjy på fer» i kulturhuset. Det er Svarrabærje teaterlag som står attfor, og torsdag kveld er det klart for premiereforestilling. Førebuingane har føregått sia midten av september denne veka blir det 4 førestillingar – premierekvelden er i skrivande stund på det næraste utselt.

mange artige innslag gjennom halvanna time med lokalrevy. Camilla hyttebakk var ein frisk pust som kjem frå revymiljøet i Rindal. Foto: Jon Olav Ørsal

Revysjef Steinar Ranes fortel at det er ein gjeng på rundt 30 personar som sia midten av september har jobba for å få til revyen – rundt halvparten er sceneaktørar medan resten har viktig jobbar på kvar sin plass. Han er glad for at dei i år har lykkes med å få med ein del «nye ansikt» i revyen, og skryten av gjengen som har stått på gjennom 4 helgar og mange kveldar for å få alt på plass under leiing av den innleidde instruktøren Stian Hovland Pedersen.
På generalprøven fekk vi rundt halvannan time med god lokal underhaldning, med ein lun humor som ingen treng å bli lei seg for. Sjølvsagt var det eit og anna sparket, og ordførar, rådmann og kommunereforma gjekk sjølvsagt ikkje heilt fri. Men det var også mange andre tema og det gjorde at det vart eit veldig variert program gjennom revyen – litt for ein kvar smak. Det var også ein god del song og musikk, og spesielt vil vi nemne Lars Rune Sæthers gode stemme.
«Mykkjy på fer» er vel verdt eit besøk, og vi kan trygt anbefale ei av dei fire førestillingane. Premieren er som sagt torsdag kl 19, og neste er fredag kl 19, medan det er to førestillingar laurdag, kl 16 på ettermiddagen og kl 19 for kveldsførestillinga. Billett kjøper du som vanleg på Surnadal kulturhus.

Bildegalleri frå generalprøven tysdag kveld. Alle foto: Jon Olav Ørsal
 

Publisert: 8. november 2017, 10:58