Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyheit på badeplassen

Elinor Bolme Laurdag 22. juni 2019

I dag kom årets nyheit i Todalen rullande inn ved badeplassen i småbåthamna. Todalen Grendalag har ordna med ei enkel sanitærløysing til alle som ferdast i området, da med særleg tanke på dei som brukar badeplassen. Dette har vore eit savn over lengre tid, sidan einaste «tilbudet» tidlegare har vore å gjere frå seg i nærområdet for den med prekære behov.

Grendalaget har derfor svinga seg i rundt og gjort avtale med dei fire berørte grunneigarane rundt badeplassen. -Alle grunneigarane var positive til vår forespørsel, og vi vil etter årets sesong sjå på om vi kan få til ei avtale som går over fleire år, fortel leiar i Todalen Grendalag Bjørn Gunnar Ansnes.

Toalettvogna er leidd for to månader, og fungerer som eit vanleg campingvogntoalett med handvask der den 300 liter store dunken må tømmast når den blir full. -Genialt at vi fekk eit med hjul, seier Josten Bruset. -Da er det berre å kople på og ta turen til Matkroken å tomme der. I løpet av tirsdag kan toalettet takast i bruk, etter at dei har fått kopla seg på stømnettet til velvillige Anders Todalshaug som stiller opp med sitt strømuttak i garasjen sin.

Etter Todalsdagen vil grendalaget sette ut fleire av benkane sine ved badeplassen.

Området ved badeplassen og småbåthamna er vedlikeheld på dugnad, der Todalen Båtforening og Todalen Grendalag vil dele på plenslåtten. Grendalaget har alt ansvar som følger med toalettet; tømming, påfyll av såpe og toalettpapir og reinhald. Dei har også ordna med søppelhandtering via Retura. Der er det utsett to dunkar, kor den eine er til ordinært restavfall, og den andre (metalldunken) er til eingongsgrillar.

Båthamna er drive av Todalen båtforening.

 

 

Todalen Grendalag har også vorte medlem av todalen.no og har fått seg eigen logo. Etter kvart vil all info dei held på med bli å finne under deira eiga side som ligg under «Organisasjonar» i hovedmenyen vår.

Publisert: 22. juni 2019, 12:30