Dei siste par dagane har det vore hektisk av grov steinmasse fra steindepotet i falla og ut av bygda. 2-3 tippbilar har nærast gått i skytteltrafikk nedover bygda og utover stranda.
Les heile saka![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/06/Steinkjøring_Stangvik_0161-624x407.jpg)
Dei siste par dagane har det vore hektisk av grov steinmasse fra steindepotet i falla og ut av bygda. 2-3 tippbilar har nærast gått i skytteltrafikk nedover bygda og utover stranda.
Les heile sakaPå grunn av nødvendig arbeide på strømnettet, varsler Svorka om strømutkobling i området Surnadalseidet – Todalen – Melhus – Kvanne – Stangvik – Torvik, komande torsdag 27/6 kl. 23.00 til fredag 28/6 kl. 06.00. (blir det ekstraomgangar så blir det ca 23.30)
Det var mange protestar frå fotballfans som gjorde at Svorka endra utkoblingstida.
Laurdag 29. juni inviterer Stangvik historielag til setertur, målet er Rødsetsetra på Ålvundeidet. Turen startar frå Rødsetgarden kl. 10.30. Da passar det å ta ferje frå Kvanne kl. 10.00. Parkering ved fjøset på garden.
Les heile sakaStrekninga Åsbøen-Svinvik på FV614, er som kjent bevilga ny asfalt denne sommaren. I den forbindelse planlegg Mesta no å skifte ut ein del stikkrenner før ferien. -Vi planlegg å ta nokre av desse på natt. Derfor blir vegen delvis stengt natt til torsdag 27.juni og natt til fredag 28.juni, fortel prosjektleiar Kjetil Rønning i Mesta. Utrykningskjøretøy og […]
Les heile sakaLensmann Olav Halse beklagar at passkiosken ved lensmannskontoret er ute av drift på grunn av tekniske problem. Det er høgsesong for å fornye pass for tida, så dette passa dårleg, men han håpar at det går fort å kome i drift igjen. – Vi ventar på ein del til passkiosken, men vi er usikre på kor lang tid det tek å få delen hit, men håpar sjølvsagt at dette går fort. I mellomtida kan Sunndal lensmannskontor og Aure lensmannskontor yte bistand.
Les heile sakaNo er det nedteljing til Todalsdagen, og Anders Gjeldnes som held i alle trådar før årets happening kan fortelje om rimeleg god kontroll i dei fleste komitear. Banekomiteen har blant anna så god kontroll at dugnaden som var tiltenkt på onsdag ikkje er nødvendig.
Les heile sakaMåndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.
Les heile sakaIndre Nordmøre forsvarsforening og Nordmøre Brigadeveteranforening vil i sommar arrangere «Forsvarshistorisk sommer tur til Surnadal». Det skjer onsdag 26. juni og byr denne dagen på eit variert program for sine medlemer.
Les heile sakaTorsdag 27. juni er det klart for siste stavgang før sommerferien. Da tar vi av like før Åsskard kirke og kjører ned til en stor parkeringsplass. Derfra går vi vestover i ca. 45 min. før vi snur og går samme veien tilbake.
Les heile sakaToåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld. Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.
Les heile sakaMåndag 24. startar oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen, melder Søya og Todalen skytterlag. Deretter blir det skyting på måndagar frå 8. juli og fram til 26. august som er siste dag for oppskyting. Til skyteprøven for storviltjakt må du ha 30 prøveskot før du kan ta skyteprøven, og du må ha to kveldar på skytebanen.
Les heile sakaSøndag kveld klokka 18 blir det stort felles St Hansbål i Gunnøya. Det blir enkelt opplegg der alle tek med seg mat og drikke sjølv som ein kan kose seg med rundt gapahuken etterpå. Anledning til å varme både pølser og anna høveleg grillmat på bålet.
Les heile saka