Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott konsert med Jo Sverre på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 17. august 2018

Det er noko spesielt med denne karen, sa Eric Malling da han introduserte Jo Sverre Sande før konserten på Todalshytta. Malling fikk han seinare med på låtskrivarverkstaden på Todalshytta og Rauskonserten 2017. No gjer Jo Sverre det god både på nasjonal og lokal radio, og er liksom komen godt i gang. Fredag kveld hadde han altså konsert på Todalshytta og her fekk jammen publikum valuta for pengane.

Les heile saka

Startar festivalhelga med FRIKAR

Jon Olav Ørsal Fredag 17. august 2018

Denne helga er det aktiv festivalhelg for Norsk Vandrefestival, som i år har sin festivalbase på Tingvoll og som kan by på mykje godt og variert program gjennom heile helga. Det startar alt kl 13 med kurs i bevegelseskunst FRIKAR og fortsett kl 15 med åpning av Galleri naturnær på tingvoll prestegard kl 15.

Les heile saka

Sesongstart rund Igltjønna for stavgangarane

Jon Olav Ørsal Fredag 17. august 2018

Stavganggruppa er i gang igjen etter ein lang og velfortjent ferie. På den første turen som gikk til Rindal og området ved Igltjønna så møtte det heile 36 glade vandrarar som la ut på tur rundt Igltjønna.

Les heile saka

Arkeologane inviterte på omvisning i feltområdet

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Det har vore mykje ståhei rundt arkeologane som har funne fornminne i Øygarden bustadfelt og som dei siste 3 vekene har vore her på feltarbeid og finne meir enn dei hadde rekna med. Dei to arkeologane, Ole Husby frå Surnadal og Vegar Hyttebakk frå Innset, er no ferdige i denne omgang, og ønska å invitere interesserte til å kome på ein infokveld med omvisning og orientering om kva dei har jobba med og litt om gravrøyser og gravplassar dei ha funne

Les heile saka

Laurdag: Inviterer til familiedag på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Laurdag 18. august kl 14 inviterer Ski- og friidrettsgruppa og trimgruppa til familiedag på Tjønnmyra.  Det blir aktivitetar både for store og små, eller om du heller vil barnevog og rulator. Treng du skyss er det berre å ta kontakt med Jorunn på laurdag – telefon 957 44 716 så ordnar det seg! For dei litt større […]

Les heile saka

Byggmakker – nyoppussa butikk i Surnadal

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

I dag kunne gjengen på Byggmakker invitere til nyoppussa butikk i Surnadal. I heile vår og sommar har det pågått riving av veggar og bygging av nye veggar, samtidig som forskjellige varegrupper har vorte flytta både hit og dit. No er arbeidet ferdig og det var tid for å reopne butikken med gode tilbud og store plakatar, og sjølvsagt var det servering av blautkake og kaffe.

Les heile saka


Satsar på å takle tørkekrisa i landbruket

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Onsdag inviterte surnadal Bondelag til møte om gravforsituasjonen i regionen. Dette var nok eit tema som interesserte mange og det var godt frammøte i kantina på Surnadal Ungdomsskule. Og bondelagsleiaren Oddvar Mikkelsen sa at «det er inga lykkeleg årsak til at vi samlast i kveld» da han ønska velkomen. Men bondelaget hadde samla mykje kompetanse til møtet, og alle var optimistar med tanke på å finne løysingar for å kome ut av grovforkrisa som har oppstått.

Les heile saka

Starta tomtearbeidet i det nye bustadfeltet

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

Medan arkeologane ligg på kne og graver etter fornminner i Øygarden bustadfelt, så er Tonje Kristin og Ivar Vikan komne i gang med tomtearbeidet på nabotomta. Dei har venta lenge på å kome i gang, og no er altså Per E. Gjeldnes Maskin i gang med gravearbeidet. I løpe av vinteren skal huset bygges og vi satsar på å kome inn i nytt hus til påske neste år, seier Tonje Kristin og Ivar som sjølvsagt er glad for å være i gang.

Les heile saka

Nye gravfunn dukkar opp på Nordvik

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. august 2018

Dei to arkeologane fra Vitenskapsmuseet i Trondheim har etter kvart fått det travelt i sitt utgravingsarbeid i Øygarden bustadfelt. Stadig nye funn fører til tidsnød, og dei siste dagane har dei funne enno ei gravrøys som truleg inneheld fleire graver. I gravrøysa har dei funne både kol og brent bein og vi forstår at det er ein spennande jobb dei to utfører.

Les heile saka

Vaksne og eldre skal også sveitte!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. august 2018

OPPDATERT

Todalen sanitetsforening inviterer til ope møte i Todalen sanitetshus torsdag 23. august kl. 18.30. Tema for møtet er trening og trim for vaksne og eldre, og kor viktig dette er for å bevare ei god helse etter kvart som ein blir eldre. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Hagen vil orientere om temaet og vise øvingar som har god effekt for helsa vår.

Les heile saka

Storfint besøk i kulturhuset

Steinar Hasselø Onsdag 15. august 2018

Arve Tellefsen kommer tilbake til Surnadal 19. september – sammen med et stjernelag av musikere. Konserten, «Stabat Mater/Switched on Bach», går inn som en del av Kristiansund Kirke Kunst Kulturfestival (KKKK)

Les heile saka