Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Byggmakker – nyoppussa butikk i Surnadal

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. august 2018

I dag kunne gjengen på Byggmakker invitere til nyoppussa butikk i Surnadal. I heile vår og sommar har det pågått riving av veggar og bygging av nye veggar, samtidig som forskjellige varegrupper har vorte flytta både hit og dit.  No er arbeidet ferdig og det var tid for å reopne butikken med gode tilbud og store plakatar, og sjølvsagt var det servering av blautkake og kaffe.

Først og fremst er kjøkkenavdeling gjort heilt og flytta.  Dagleg leiar May Britt Dyrli fortel at dei satsar på lokal leverandør på kjøkken – Foss kjøkken frå Meldal, og dei har lagt ned ein stor innsat for å være med og montere den nye kjøkkenavdelinga. No står kjøkkenavdelinga fram som heilt ny, og den er verdt ein tur for å sjå.

Meldalsbedrifta Foss Kjøkken er hovudleverandør av kjøkken til Byggmakker Surnadal – her representert ved salgsleder Jostein Stene.

Elles er veggen som delte butikklokalet revet, og butikken har vorte mykje åpnere og meir oversiktleg og slepper inn meir lys. Elles er proffavdelinga delvis flytta ned i første etasje, slik at «forbrukar-proffane» skal bli lettare tilgjengeleg, fortel Bjørn Ranheim. – Det var mange som kvidde seg på å gå opp troppa for å søke bistand og råd i snikkararbeidet. No slepp dem det.

utsikt til Byggmakker og Hageland frå trimposten Roparen som legg ovafor Surnadalsøra. Turen dit for å ta bilde vart dagens trim! Foto: Jon Olav Ørsal

Vi stakk innom ein snartur i dag og det resulterte i nokre bilder til bildegalleriet nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. august 2018, 17:15