Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Verneområdestyret til Todalen

Elinor Bolme Tysdag 21. august 2018

Verneområdestyret for Trollheimen har møte og befaring i Todalen og omegn torsdag 23.  og fredag 24. august. Her det fleire saker som engasjerer i Todalen, både når det gjeld korleis verneområdet i Trollheimen vidare skal forvaltast og utviklast, og korleis samansetjinga av eit optimalt verneområdestyre burde ha vore.

Les heile saka

Kulturdag på Årnes/Hamnes laurdag 25. august.

Jon Olav Ørsal Tysdag 21. august 2018

Stangvik historielag inviterer til ny kulturvandring – denne gongen er det Hamnes og Hamnesliene som kjem i fokus, og det skjer førstkomande laurdag 25. augusk med start kl 11, melder historielaget i ein e-post.

Les heile saka

No ha vi byn’t på skulå …

Jon Olav Ørsal Måndag 20. august 2018

Tre stolte førsteklassingar på framsida – Ådne Skjerve Gjeldnes, Lars Ailo Gjeldnes og Anders Dalsegg Bruset. Og første skuledag kom ordførar Lilly Gunn Nyheim på besøk og ho var heldig og kom med på bildet saman med førsteklassingane ved Todalen skule. Lilly Gunn kom for å ønskje både førsteklassingane og resten av elevflokken lykke til på første skuledag.

Les heile saka

Klare til cupfest på Kvanne

Elinor Bolme Måndag 20. august 2018

Kun få dagar er igjen til IL Søya samlar hundrevis av fotballspelarar til årets Søyacup på Søyabanen og banksletta. Arrangøren er også i år fullbooka med 72 lag, 105 kampar fordelt på 10 banar frå klokka 9.30 og til langt utover ettermiddagen.

Les heile saka

Ny sesong med strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Måndag 20. august 2018

Todalen sanitetsforening inviterer til stikkekaffe laurdag 25. august kl. 13.00 i Sanitetshuset. Alle er velkomne til sosialt samver, triveleg prat og kaffelag!

Les heile saka

Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 19. august 2018

Måndag 20. august blir det ny Kløvertur. Da blir det ein runde i Toåa tursti. Her er det god stiga og fint å gå.

Les heile saka

Møt faren til «Jordmoren»!

Steinar Hasselø Sundag 19. august 2018

Sverre Årnes er av dei mest produktive og mestseljande norske forfattarane gjennom tidene. 22. august kjem han på «Onsdagstreff» på Surnadal kulturhus.

Surnadalingen har gjeve ut kring 140 bøker og dei aller fleste av desse er såkalla serieromanar. Og det er vel rimeleg godt kjent at dei aller fleste av desse igjen er gjeve ut under psevdonymet «Sigrid Lunde».

Les heile saka

Tysdag: Agenda grendamøte

Elinor Bolme Sundag 19. august 2018

Todalen Grendalag og mobiliseringsgruppa minner om det tidlegare oppsatte møte den 14. august er flytta til veka etter; til tirsdag 21. august kl 19.30 i Todalen Ungdomshus.

Les heile saka


Festa Todalen på filmen frå lufta

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. august 2018

Observerte du ei lita drone som surra rundt i Todalen på fredag , så var det Steinar Melby kra KSU.no som var ute og gjorde filmopptak. Melby driftar nettsida KSU.NO, der det overføres liveopptak frå Kranaskjæret i Vågen, der Talgø MøreTre er involvert i utbygginga av Kranaskjæret. Vi har nokre smakebitar frå Todalen, men gårdagens opptak kjem vi att med etter kvart.

Les heile saka

Fotpleie i september

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. august 2018

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 10. september og tysdag 11. september. Ho har mange ledige timar båe desse to dagane.

Les heile saka

Flott konsert med Jo Sverre på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Fredag 17. august 2018

Det er noko spesielt med denne karen, sa Eric Malling da han introduserte Jo Sverre Sande før konserten på Todalshytta. Malling fikk han seinare med på låtskrivarverkstaden på Todalshytta og Rauskonserten 2017. No gjer Jo Sverre det god både på nasjonal og lokal radio, og er liksom komen godt i gang. Fredag kveld hadde han altså konsert på Todalshytta og her fekk jammen publikum valuta for pengane.

Les heile saka