Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka årsmøte i Stangvik historielag

Dordi Jorunn Halle Tysdag 25. februar 2020

Tekst og bilete: Marit Haugen.

Måndag kveld, 24. februar hadde historielaget sitt årsmøte i klubbhuset til i.l Søya ved Søyabanen. Vi var litt spente på oppmøtet – snøen hadde lava ned til langt utpå dagen – men gav seg heldigvis til kvelds.

Og vi må seie oss ganske fornøgde med at 17 stk av medlemmene møtte. På saklista stod dei vanlege årsmøtesakene, bl.a. val på nytt styre. Berre ei utskifting – det nye styre vart: Leiar Einar Grønnes vart attvalt, Marit Haugen (nestleiar) og Rolv Lysø (kasserar) var ikkje på val, Rolf Smisetfoss (styremedlem) vart attvalt, så kom Lars Gudmund Røen inn i staden for Hallvard Kvande (sekretær).

Medlemskontingenten i laget har vore uendra sia starten i 2007. Styret kom med forslag om å sette denne opp til 200 kr for enkeltmedlemmer, og 250 kr for familiar (gjeld frå år 2021), noko som årsmøtet slutta seg til.

Elles hadde styret sett opp eit forslag til aktiviteter utover året: Busstur i lag med Todalen historielag, tur til Årnes med orientering om den gamle Årnesgruva og samling i grendahuset, tur til Steinløå (Konntrøløå) oppi Svarrafjellet og deltaking på møte i Fossheim der det blir orientering om arbeidet «Ålvundfjordingane» har gjort med å registrere stadnamn med overføring til kart.

Etter at årsmøtet var ferdig, fekk vi besøk av Surnadal kommune v/Karin Halle som hadde med ei gåve og helsing frå ordførar og kulturleiar for arbeidet som er nedlagt i samband med skriving/utgjeving av bøkene Erling Myrbostad, Torbjørn Polden og Lars Steinar Ansnes har skrive. Takk til kommunen!

Bokskrivarane Erling, Torbjørn og Lars Steinar i lag med leiar Einar. Foto: Marit Haugen.

Før kaffepausen vart bokskrivarane, redakksjonsnemnda for årsskriftet og Bjarne Holten («primus motor» for arbeidet med Steinløa) heidra med ei gåve frå historielaget – sjølv om vi ikkje tykkjer vi fortener dette, er det kjekt å sjå at arbeidet som blir gjort, blir sett pris på.

Til slutt fekk vi ei orientering om arbeidet som er gjort med restaurering av steinløa oppi Svarrafjellet ved Erling Myrbostad og Bjarne Holten. Som nemnt i aktivitetsplana for året tek vi sikte på å ta ein tur dit, truleg utpå hausten.

Nokre av møtedeltakarane. Foto: Marit Haugen.

 

 

Publisert: 25. februar 2020, 09:49