Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Oppstart balleik

Elinor Bolme Måndag 22. oktober 2018

Det blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med  førstkommande onsdag 31. oktober til og med  12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.

Les heile saka

Middag i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. oktober 2018

Omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag torsdag 8. november kl. 14.00 i Sanitetshuset. Dei vil servere skinkesteik og kjøttkaker med godt tilbehør. Kaffe og dessert etter hovudretten. Pris 200 kroner.

Les heile saka

Fin felles 50-årsmarkering

Britt Mossing Måndag 22. oktober 2018

Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]

Les heile saka

Gikk for eit varmare og meir inkluderande samfunn

Elinor Bolme Sundag 21. oktober 2018

I dag har nesten 100 000 frivillige gått med innsamlingsbørser for den årlege TV-innsamlingsaksjonen. I år går innsamla midler til Kirkens bymisjon, og deira prosjekt «Mindre alene sammen» som skal arbeide for å skape eit varmere og meir inkluderande samfunn.

Les heile saka

Innhaldsrik tonekveld på Eidet

Bernt I Bøe Sundag 21. oktober 2018

Einy Elgsæther regisserte ein rikhaldig musikkandakt for fullsett Eidet Bedehus fredag kveld. Ho hadde skaffa dyktige bidragsytarar. Levanger-duoen Svein Gjære (komponist og pianist) og Svein Volle (solosong), Ola Bræin (munnspel) og Vidar Rygh (andakt) skapte fin oppleving av tonar, tekster og tolkingar. Dessutan sørga dyktige Normisjons-venner for servering av beste merke.

Les heile saka

Inviterer til interiørkveld

Elinor Bolme Sundag 21. oktober 2018

Tirsdag 6. november inviterer Byggmakker Surnadal til den årlege interiørkvelden i sine lokaler. Tidlegare arrangement har vore kun for damer, men denne gongen ønsker dei både damer og herrer hjerteleg velkomne til ein allsidig kveld med mykje inspirasjon, tips og triks innan interiør og byggevare.

Les heile saka

Mio, min Mio

Steinar Hasselø Laurdag 20. oktober 2018

Astrid Lindgrens eventyrlige klassiker blir framført på Surnadal kulturhus søndag 28. oktober. MIO, MIN MIO er historien om den foreldreløse gutten som blir prins Mio. En storslått og vakker fortelling som vekker tanker om livet og døden, det gode og det onde og om kjærlighetens makt.

Les heile saka

Full trøkk med lokal handel heile dagen

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. oktober 2018

Den nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.

Les heile saka

HalsOil inviterer til lokal sjokkpris på drivstoff

Jon Olav Ørsal Fredag 19. oktober 2018

Som tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel.

Les heile saka

Mølledrift sidan 1500-talet

Elinor Bolme Torsdag 18. oktober 2018

Det vart eit både hyggeleg og lærerikt møte då Senioruniversitetet 17/10-18 besøkte Røv Mølle, og dei 26 deltakarane avslutta orienteringa med å få servert både bygg-graut, kaffe og kake – og omvisning. Mange av oss køyrer forbi mølla neste dagleg, men dei færraste har vore innom dørene, og enda færre har innblikk i den spennande mølledrifta som Lina og Tove Mogstad i dag står i spissen for.

Les heile saka

65pluss – Taklar du venstresvingen skikkeleg?

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Er du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette! Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!

Les heile saka

Søndag: Strømutkopling i Todalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. oktober 2018

Førstkomande søndag (21.10) blir det straumutkobling før naudsynt vedlikehaldsarbeid på straumnettet, melder Svorka Energi.  Det skjer på strekninga Melhus – Kårvatn i tidsrommet 9.00 – 16.00. Dersom du har spørsmål kan du ringe vakttelefonen 924 20 050.