Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innhaldsrik tonekveld på Eidet

Bernt I Bøe Sundag 21. oktober 2018

Einy Elgsæther regisserte ein rikhaldig musikkandakt for fullsett Eidet Bedehus fredag kveld. Ho hadde skaffa dyktige bidragsytarar. Levanger-duoen Svein Gjære (komponist og pianist) og Svein Volle (solosong), Ola Bræin (munnspel) og Vidar Rygh (andakt) skapte fin oppleving av tonar, tekster og tolkingar. Dessutan sørga dyktige Normisjons-venner for servering av beste merke.

Sveinane

Dei to Sveinane, som programleiar og initiativtakar Einy kalla duoen, stod for det meste av programmet. Kvelden hadde preg av konsert, og eg tillet meg delvis å omtale framføringane ut frå det. Svein Gjære, opprinneleg frå Sjøholt, er ein frodig melodiskapar. Fleire av songane hadde tekst av kveldens barytonsolist Svein Volle. Her gjorde ikkje minst opningssongen «Advent» eit friskt inntrykk.

Ny tonesetting av kjende og kjære salmar er eigentleg ein risikosport. Men når Gjære gir f.eks. Kingoteksten «Opp, sjel, bryt søvnen av» ein så frisk og majestetisk barokksats som her, er det nyskaping av høg klasse! Påsketeksten vart dessutan framført med smittande begeistring av Volle.

 

Songar som miniandaktar

I det heile viste Volle stort tekstleg engasjement i både framføringar og kommentarar. Og han kutta ikkje ned på versa – dermed vart fleire av songane reine miniandaktar. Litt synd at ein halsinfeksjon hemma den malmfulle barytonstemmen ein smule, men prestasjonen var desto større!

Kveldens komponist synest å fange poesiens særpreg og tidskoloritt i si oppbygging av meldiane. Edin Holme-teksten «Som blomsten der gror» hadde ein nasjonalromantisk atmosfære, om den enn virka litt nølande i samspelet. Andre hadde preg av folketone – slik som kveldssalmen «Denne dagen er til ende», der Gjære sin melodi er teken inn i Norsk Salmebok.

«Treskurd i toner»

Ola Bræin med sitt velklingande munnspel skapte kveldens kanskje mest andektige opplevingar.  Gjennom vare tolkingar let han den nordmørske folketoneskatten få varme oss i sjel og sinn. Hans kommentarar er friske og nære med detaljar om tradisjon og tradisjonsberarar. Og sitatet frå faren, folketonesamlaren Edvard Bræin, om «Julverset» var ein ypperleg beskrivelse av denne nordmørske musikkperla: «Et stykke treskurd i toner, en riktig prydet julegjest». Etter framføringa var da heller ikkje applausen til å halde igjen!

 

Kva gjer Skaparen stor?

Sokneprest Vidar Rygh delte inntrykk frå ferske kyrkjekonferansar. Han utfordra forsamlinga med spørsmålet «Kva er det som gjer Gud stor iblant oss?» Svara på det er sikkert mange. Men eitt kan vera: Tonekveldar som denne! Gjerne uttrykt som Svein Volle gjorde det i Wennerbergs mektige «Gören portarne höga» – ei flott oppfordring om å gi plass – både i samfunn og bedehus til «Ærens Konge»!

 

Publisert: 21. oktober 2018, 12:00