Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Balleik med Halloweenvri

Elinor Bolme Måndag 29. oktober 2018

Førstkommende onsdag 31.10 er første kveld med balleik i gymsalen på skulen.Vi kombinerer balleiken denne kvelden med Halloween feiring. Sidan dette også er den store Halloween dagen, ønsker vi å invitere alle store og små til lek og moro, oppfordrar arrangørane i Idrettslaget.

Les heile saka

God gammeldags basarstemning i Ungdomshuset

Jon Olav Ørsal Sundag 28. oktober 2018

Det var skikkeleg basarstemning og mykje folk som møtte opp da Trim-, ski- og friidretssgruppa arrangerte sin årlege basar. Klingande mynt i kassa vart det også, for basarkomiteen rapporterte om skikkeleg god respons på førehandssalet på Matkroken dei siste vekene og sjølvsagt var det triveleg at så mange kom på basar, sa leiar i Trimgruppa Jorun Nordvik da ho takka publikum etter trekninga.

Les heile saka

400 dugnadstimar seinare

Elinor Bolme Sundag 28. oktober 2018

Sist veke kunne styret i Surnadal golfklubb endeleg samlast til styremøte i eige, nyoppført klubblokale. Golfklubben har ein ihuga dugnadsgjeng som møtes kvar veke for å gjere små og store oppdrag på anlegget. I haust har hovedgeskjefta vore å sette opp nytt klubbhus, som no altså er «innflytningsklart». Ei betrakteleg oppdatering av brakka som vart oppsett ved etableringa av banen i 2006.

Les heile saka


Førehandssal til Trimbasaren

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Laurdag var det førehandsal til TILs basar for trim-, ski- og friidrettsgruppa. Loddsalet gikk strykande og Gunnar Nordvik hadde fullt opp med å registrere loddsalet.  Førehandsalet fortsett i opningstida til butikken fram til kl 16.00.  Søndag er det basar i ungdomshuset som startar kl 16.00 og går utover ettermiddagen og kvelden og der blir det massevis av gevinstar fortel Gunnar Nordvik.


Tid for å stille klokka igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Natt til søndag 28. oktober er det tid for å stille klokka igjen.  Regelen er enkel og seier at klokka skal stilles mot sommaren, og derfor blir det sjølvsagt å stille 1 time tilbake når klokka er 3 på natta – og dermed blir klokka berre 2 igjen. Det fører til at du får ein […]

Les heile saka

Nattefrost og rim på ruta

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Det har vel vore rim på frontruta fleire netter i oktober, men natt til laurdag var liksom den første natta med skikkeleg nattefrost og rim både på bilruta og i busker og kratt. På heimebane har det iallfall vore 2,9 kuldegrader i løpet av natta og vêrmeldinga på yr.no lovar kuldegrader eit par dagar framover – delvis også på dagtid. Men etter kvart blir det varmare igjen, og det blir 6-7-8 varmegrader resten av 10-dagersperioden.

Les heile saka

Inviterer til trivselskveld på hotellet

Jon Olav Ørsal Fredag 26. oktober 2018

Onsdag 7. november inviterer Surnadal pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotell Surnadal. Arrangementet starter kl 19.00, og på programmet står både middag og dans til Trond Larsens kvartett, melder pensjonistlaget.  Deltakerprisen er kr. 150,- pr. pers, og pensjonistlaget vil ha bindende påmelding til Jorunn på tlf. 901 51 989, eller Grethe på tlf 908 54 […]

Les heile saka


Hus til salgs på Nordvik

Elinor Bolme Torsdag 25. oktober 2018

Hus med fantastisk utsikt til salgs i Sollifeltet på Nordvik. Huset er bygd i 1982, og har leilighet med utleiemuighet i underetasjen. Fin opparbeida tomt i eit populært bustadsområde med mange nytilflytta familiar dei siste åra. Den som er interessert kan ta kontakt med selgar Tone Nordvik for ytterlegare info og takst. Ta kontakt med Tone […]

Les heile saka

T.I.L. – Basar med artig og nostalgisk innslag

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. oktober 2018

Komande søndagskveld arrangerer Trimgruppa saman med Ski- og friidrettsgruppa basar i Todalen ungdomshus. basaren startar kl 16, og det blir både basarbord, åresal og utdeling av premiar. Hovedposten på programmet blir likevel eit litt nostalgisk lysbildeprogram, der Gunnar Nordvik viser lysbilder frå 90-talet, der ei gruppe dreiv med klatring både i Todalsfjella og i Innerdalen – med nettopp Gunnar som mentor og læremeister. Det blir nok eit triveleg gjensyn etter så mange år.

Les heile saka

Asfaltering og trafikkavvikling i neste veke

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. oktober 2018

Neste veke blir det asfaltering av Bordholmvegen (FV671) og Brusetmelan (FV324). Da blir det litt trøbbel med trafikkavviklinga, fortel oppsynsmann Nils Erling Skaalvik i Statens vegvesen. Arbeidet startar alt måndag kveld(29.10), da all kaldasfalt skal graves ut og fjernes. Måndag kveld blir ikkje vegen stengt, men det blir etter kvart mange og store hol mellom Sandstad og Halsabrua.

Les heile saka