Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tid for å stille klokka igjen

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. oktober 2018

Natt til søndag 28. oktober er det tid for å stille klokka igjen.  Regelen er enkel og seier at klokka skal stilles mot sommaren, og derfor blir det sjølvsagt å stille 1 time tilbake når klokka er 3 på natta – og dermed blir klokka berre 2 igjen. Det fører til at du får ein time ekstra denne natta og kan dermed sove ein time ekstra dersom du vil.

Sommartid vart innført i ei tid då ein visste lite om døgnrytmene til menneske. Ein rekna då med at helseeffekten helst ville vere positiv med ein tilleggstime med dagslys om ettermiddagen. Det er no klart at kroppen si synkronisering med soloppgangen er presis, og studiar viser at dei aller fleste toler dårleg overgangen til sommartid.

Noreg har hatt sommartid i 1916, 1943–45 og 1959–65. Dessutan var det sommartid også om vinteren frå og med 11. august 1940 til og med 2. november 1942. Noreg har deretter hatt sommartid kvart år sidan 1980. – I 1996 vart alle EU-land (og Noreg) samde om at sommartida startar siste søndag i mars og sluttar siste søndag i oktober, kan vi lese på Wikipedia.

No er diskusjonen i gang om vi skal fortsette med sommartid eller ei, og den debatten er vi nok langt i frå ferdige med. Det er delte meininger om dette og den som lever får sjå korleis det blir vidare!

Publisert: 27. oktober 2018, 12:03