Eit fint bilete av Todalen kirke ein vinterdag blei månadens bilete for februar. Og vi gratulerer Magne Søyset med bilete som gjekk til topps. Under finn du alle bileta som var med i denne månadens kåring.
Les heile saka
Eit fint bilete av Todalen kirke ein vinterdag blei månadens bilete for februar. Og vi gratulerer Magne Søyset med bilete som gjekk til topps. Under finn du alle bileta som var med i denne månadens kåring.
Les heile sakaTodalen misjonsforening for Det Norske Misjonsselskap inviterer til jubileumsfest på Eidet bedehus laurdag ettermiddag 14. mars kl 16.00. Foreninga vart skipa i 1845 berre tre år etter at landsorganisasjonen NMS vart til, som ei av dei første i landet i ei avsidesliggjande bygd på Nord-Møre. Foreninga var det første og det einaste organiserte laget i bygda i meir enn tjue år.
Les heile sakaSurnadal taekwon-do klubb var godt representert da over hundre deltakarar frå 10 klubbar var samla til Nordvestmeisterskap i taekwon-do i Larsgårdhallen i Ålesund. Med ti deltakarar frå klubben – 4 frå Ålvundeid og 6 frå Surnadal markerte medlemane seg godt på resultatlista. Frå Todalen deltok Sindre K. Bruset, som tok bronse i mønster og sølv i sparring.
Les heile sakaDa Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.
Les heile sakaSurnadal bibliotek inviterer alle til å kome og høre på krimforfattar Chris Tvedt torsdag 19. mars kl. 19. Tvedt har opparbeidd seg ein stor lesarskare med sine krimbøker, og vil snakke fritt rundt korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt.
Les heile sakaRoar Halten (47) har denne uken startet i jobben som daglig leder i Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT)
– Jeg ønsker at flere skal skjønne at ALLE faktisk har en hytte i fjellet eller ved sjøen, sier Halten
Les heile sakaTodalen idrettslag har investert i ei ny tredemølle som vart montert på hett & Svett i dag. Utstyret på i idrettslagets treningsstudio er flittig bruka, og ei av dei gamle tredemøllene må no byttes ut. Det har vore prove ei oppgradering med service, utan at det har lukkast. No er altså den nye tredemølla på plass, og i dag har eit ekspertteam som har vore leia av Knut Bergli sørga for montering av den nye tredemølla.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 7. mars i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00. Alle er velkomne! Det blir servering av rundstykke med godt pålegg, kaffe og te. Utlodding blir det også! VEL MØTT!
Les heile sakaNorske kvinners sanitetsforening melder at Kvinnehelsedagen i Oslo er avlyst. Dermed blir også det planlagde arrangementet til Todalen sanitetsforening i Ungdomshuset 7. mars kl 11.00 AVLYST.
Les heile sakaLaurdag 7. mars arrangerer Norske Kvinners Sanitetsforening «Kvinnehelsedagen 2020» med kjende og dyktige forelesarar og innimellom underhaldning! Dette skjer i Oslo, men blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus. Overføringa startar kl 11:00. Her er alle velkomne til fagleg påfyll og inspirasjon!
Les heile sakaVi skriv andre mars og er klare med åtte gode kandidatar til vår kåring månadens bilete. Og vi treng di hjelp til å stemma fram vinnarbilete. Dagane er no merkbart lysare, og gir dermed godt fotolys.
Les heile sakaInnafor kulturområdet er det mange forskjellige ting det går an å søke om tilskot til. Surnadal kommune har laga ein oversikt over dei ymse søknadsfristane som gjeld, slik at det er oversiktleg og greit å orientere seg i for lag og organisasjonar.
Les heile saka