Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Henta heim mange medaljer frå Nordvestmeisterskapet

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mars 2020

Surnadal taekwon-do klubb var godt representert da over hundre deltakarar frå 10 klubbar var samla til Nordvestmeisterskap i taekwon-do i Larsgårdhallen i Ålesund.  Med ti deltakarar frå klubben – 4 frå Ålvundeid og 6 frå Surnadal markerte medlemane seg godt på resultatlista.  Frå Todalen deltok Sindre K. Bruset, som tok bronse i mønster og sølv i sparring. 

Dei lokale deltakarane var også heiagjeng til kvarandre. Foto: KL

Eit utdrag av premieliste er eit tydeleg bevis på at dei lokale utsendingane frå Surnadal taekwon-do klubb så absolutt hevdar seg på banen og at det «gror godt» i klubben. 

Sindre på pallen – laurdag vart det både bronse- og sølvmedaleje. Foto: JB

Sindre K Bruset Dan
Bronse i mønster og sølv i sparring 

Marit Øverås yngre junior gult/grønt belte 
Sølv i mønster og sparring

Heidi Fiske yngre junior blått/rødt
Gull i mønster og gull i sparring

Ragnhild Berg yngre junior blått/rødt
Sølv i sparring og bronse i mønster 

Aurora D Berle Dan
Sølv i mønster og gull i sparring 

Una L Gravvold Dan
Bronse i mønster og bronse i sparring

Kari Hausberg Dan
Gull i mønster og gull i sparring 

Stig Oldervik blått/rødt 
Sølv i sparring

I tillegg til 10 deltakarar stilte klubben med 2 dommara i mesterskapet som vart arrangert i Larsgårdhallen i Ålesund.

Gull til Heidi Fiske og bronse til Ragnhild Berg i mønster. Foto: KL

Takk til Jostein Bruset og Kjersti Langeland for bilder frå aktivitetane i Larsgårdhallen i Ålesund.  

Publisert: 8. mars 2020, 07:33