Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blir 175 år – skal feire seg seg sjølve neste laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 8. mars 2020

Todalen misjonsforening for Det Norske Misjonsselskap inviterer til jubileumsfest på Eidet bedehus laurdag ettermiddag 14. mars kl 16.00.  Foreninga vart skipa i 1845 berre tre år etter at landsorganisasjonen NMS vart til, som ei av dei første i landet i ei avsidesliggjande bygd på Nord-Møre. Foreninga var det første og det einaste organiserte laget i bygda i meir enn tjue år.

Heilt sidan foreninga starta har det stort sett vore halde regelmessige møter og ført nøyaktig møtebok og rekneskap over innkomne midlar til misjonens arbeid. Eit historisk og kulturelt klenodium. Foreninga vart starta med eit ambisiøst mål, med eit vidsynt perspektiv og store visjonar som vi i dag også ønskjer å føra vidare.

Første grunnregelparagraf lyder: «Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»  På kvart møte blir det orientert om arbeidet som medlemane gir til, gåva blir delt mellom Misjonsselskapet og Sjømannskyrkja. Forutan eit stort arbeid i Norge med ca 2000 foreningar og lag for born, ungdom og vaksne, så har Det Norske Misjonsselskap arbeid i 15 land og område der det no er bygd opp store sjølvstendige kyrkjer med kyrkjelydar som samlar tusenvis til gudstenester, og som driv skular, sjukehus og diakonalt arbeid.

Misjonsselskapet har også, som andre misjonsorganisasjonar, vore med på å gi lokale folkeslag skriftspråk og omset Bibelen til fleire språk. På jubileumsfesten, som er open for alle, vil vi få informasjon og inspirasjon ved landsstyremedlem Astri Wessel og områdeleiar Kari Sødal. Det blir song ved det nystarta mannskoret «Godt nytt» og Svein Volle, akkompagnert av organist Gunnar Sødal. Det blir også bevertning og hyggeleg samver, og høve til helsingar og gåve til misjonen.

Publisert: 8. mars 2020, 07:43