Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krim med Chris Tvedt på biblioteket

Elinor Bolme Laurdag 7. mars 2020

Surnadal bibliotek inviterer alle til å kome og høre på krimforfattar Chris Tvedt torsdag 19. mars kl. 19. Tvedt har opparbeidd seg ein stor lesarskare med sine krimbøker, og vil snakke fritt rundt korleis ein krimforfattar arbeider med stoffet sitt.

Chris Tvedt arbeidde som advokat fram til han heller fann ut at han skulle bli forfattar. Han skriv rettssaldrama i særklasse og den noko lurvete advokaten Mikael Brenne har vore ein gjennomgangsfigur i åtte av kriminalromanane. Gjennombrotet kom med «Rimeleg tvil», den første boka til Tvedt som kom ut i 2005. «Formildende omstendigheter» (2019) er så langt den siste i rekka, ei bok Stavanger Aftenblad meiner var av fjorårets aller beste norske krimromaner.

 

Tvedt skriv også på ein ny krimserie, om den pedantiske Kripos-etterforskaren Edvard Matre, og har også nokre ungdomsbøker på rullebladet.

 

 

 

Publisert: 7. mars 2020, 10:01