Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny tredemølle på plass på Hett & Svett

Jon Olav Ørsal Laurdag 7. mars 2020

Todalen idrettslag har investert i ei ny tredemølle som vart montert på hett & Svett i dag.  Utstyret på i idrettslagets treningsstudio er flittig bruka, og ei av dei gamle tredemøllene må no byttes ut. Det har vore prøva ei oppgradering med service, – utan at det har lukkast.  No er altså den nye tredemølla på plass, og i dag har eit ekspertteam som har vore leia av Knut Bergli sørga for montering av den nye tredemølla.

Med seg på laget har han hatt Maria H. Halle, Erling Talgø, Nils Ove Bruset og Finn Ranes, så det har ikkje stått på verken vanleg kometanse eller spisskompetanse på tredemøller.  No er den nye tredemølla på plass og Knut anbefaler folk å ta ein tur for å teste utstyret og kjøre opp formen til utesesongen startar!

 

Publisert: 7. mars 2020, 05:00