Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tilskotsordningar i Surnadal – tidsfristar

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mars 2020

Innafor kulturområdet er det mange forskjellige ting det går an å søke om tilskot til.  Surnadal kommune har laga ein oversikt over dei ymse søknadsfristane som gjeld, slik at det er oversiktleg og greit å orientere seg i for lag og organisasjonar.

Surnadal kommune har nokre faste tilskotsordningar for lag, og andre, som driv innafor kulturområdet.
Søknadsfrist er 15. mars for:

  • prosjekttilskot til kulturtiltak (tiltak som t.d. ikkje går inn i den vanlege drifta for eit lag)

Bruk elektronisk søknadsskjema («kulturarrangement») på nettsida surnadal.kommune.no

Frist er 15.  april for:

  • støtte frå Kleivafondet
  • framlegg på kandidatar til Kleivaprisen

Kleivafondet skal «fremja kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke stjerneidrett og fotball».
Kleivaprisen skal gå til nokon som på frivillig basis gjer ein særleg innsats for det lokale kulturlivet og/eller bygdesoge.
Søknad på Kleivafondet og framlegg på kandidatar må sendast til post@surnadal.kommune.no eller Surnadal kommune, Bårdshaugv. 1, 6650 Surnadal.

 
Søknadsfrist er 30. april for:

  • lag og forsamlingshus som skal søkje om kulturmidlar, oppstartingstilskot og utbetring av ball- og leikeplassar
  • leige av gymsalar, hall og svømmehall for det komande skuleåret

Bruk elektronisk søknadsskjema på nettsida surnadal.kommune.no. Du finn skjema for dei ulike tilskotsordningane her:
https://www.surnadal.kommune.no/skjema/
(Med atterhald om formannskapets tilslutning m.o.t. fristar m.m.)
 
Ein minner også om at det finst fleire andre tilskotsordningar som kulturlivet i Surnadal kan søkje på, i tillegg til lokale bedrifter sine gåvetildelingar. Gå t.d. inn på frifond.no og mrfylke.no og sjå om det er nokre ordningar der som kan vere aktuelle.
Og, spesielt for i år, har Tidens Krav sett av 0,5 mill. kr som dei skal gi til gode tiltak i sitt nedslagsfelt. Frist for å søkje her er 25. mars. Du finn meir på tk.no om akkurat denne utdelinga.

Publisert: 6. mars 2020, 10:02