02 04 2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune har heldigvis ikkje nye påviste smittetilfelle å berette om. No forebur dei påska og har sendt ut viktig informasjon til innbyggarane på SMS:
Les heile saka
02 04 2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune har heldigvis ikkje nye påviste smittetilfelle å berette om. No forebur dei påska og har sendt ut viktig informasjon til innbyggarane på SMS:
Les heile sakaFjord1 meldte kl 12.27 at sambandet blir innstilt inntil videre på grunn av tekniske problemer. – Melder nå om normal drift fra avgang 13:00 fra Kvanne.
01.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune Det er no påvist korona-smitte i Surnadal kommune. -Vi har fått påvist begrensa smittetilfelle i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.
Les heile sakaDet er travle dagar på Hageland i Surnadal. Hagemøblane er forlengst på plass i butikken, og no gjer busker og planter sitt inntog i butikken. Det meste må være på plass når vårsesongen startar den 2. april, sjølv om snøbygane går rundt novene på butikken på Syltøran.
Les heile sakaKommuneoverlege Bjørn Buan har oppheva dei lokale karantenereglane som gjeld for Surnadal kommune med verknad frå og med 31. mars 2020. Frå no av er det kun dei nasjonale karantenereglane som gjeld. Kommuneoverlege presiserer at dei nasjonale karantenereglane gjeld uendra, og at personar som er underlagt dei nasjonale karantenebestemmelsane om reise utanlands eller mistanke om smitte/ nærkontakt, skal vidareføre karantenen i samsvar med dei reglane som gjeld og den informasjonen som er den enkelte har motteke.
Les heile sakaSkigruppa i T.I.L. reklamerer med nyoppkøyrte løyper på Tjønnmyra. Skiinteresserte kan gjera seg nytte av skiføret no på tampen av sesongen. Her er det rikeleg med tumleplass om du vil ta turen ut i friluft!
Laurdag hadde Matkroken besøk av ein butikktjuv av det profesjonelle slaget. Vedkomande var imidlertid attkjent og etterkvart avslørt, men vedkomande fekk nok med seg litt tobakksvarer før han storma ut av butikken, fortel handelsmann Nordvik. – Alt skjedde fort, men politiet vart kontakta, og det blir det nok oppretta sak på bakgrunn av det som skjedde, sier Ola Dalsegg ved Surnadal lensmannskontor.
Les heile sakaSanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.
Les heile sakaVi flyttar oss no frå Ansnesleigmålet og innover fjellet til Hallsetleigmålet med bilete frå fotoarkivet til Todalen historielag. Her ligg setrene for Oppistua og Nestua på Hallset. Bernt Bøe skriv i Seterboka for Todalen at det har vore mykje flytting av setrene i Hallsetmarka.
Les heile sakaI disse koronatider er det ikkje heilt enkelt å leve av å være musiker. Når det ikkje kan arrangerast konsertar på vanleg måte så lyt musikarane finne nye måtar for å nå fram til sine publikum. Todalsvennen Terje Nordgarden bur heime på Vålerenga og han spelar sin første digitale konsert online frå bunkeren i bygget der han bur på Vålerenga. Bla videre og ta turen innom bunkeren i kveld 19…..
Les heile sakaNatt til søndag 29. mars er det på tide å stille klokka ein time fram til sommartid. Det skje kl 02, og da stiller du klokka ein time fram til klokka 3. Er du i tvil om klokka skal stilles fram eller tilbake, så er det ein grei regel å hugse på at ein alltid skal stille klokka mot sommaren – altså fram om våren og tilbake om hausten.
Les heile sakaPå lik linje med mange andre lag og organisasjonar har Todalen Elveeigarlag utsett sitt årsmøte på ubestemt tid. Det er sjølvsagt situasjonen med risiko for spreiinga av koronavirus som er årsak til det, melder leiar Arbjørn Karlsen i elveeigarlaget. Karlsen fortel vidare at det sittande styret i elveeigarlaget av same grunn vil fortsette i sine funkjonar inntil vidare.
Les heile saka