Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idag: Konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Sundag 19. mai 2019

I dag kl. 11 er det konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje.  Det er sokneprest Kristin Strand som er liturg, og dei tre konfirmantane er Karoline Brøndbo, Silje Øyen og Lina Husby Nygård. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet.


Årsmøtet i Natteravnane

Elinor Bolme Sundag 19. mai 2019

Natteravnane i Surnadal inviterer til årsmøte tirsdag 21.mai kl 20 i Røde Kors huset på Bøvra.
Vanlege årsmøtesaker og bevertning. Politi og ambulanse kjem også og deltek.

Les heile saka

KløverRUSLEtur på Kvennsetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. mai 2019

Måndag 20. mai inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.

Les heile saka

Tapt og funne – bilflagg

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Eit bilflagg i plast vart i dag funne i Trudvangkrysset etter biltoget.  Ta kontakt med redaksjonen dersom det er du som har mista det?

Les heile saka

Feiring av nasjonaldagen på Nordvik

Sverre Kjølstad Fredag 17. mai 2019

Etter ca. tre uker med regn og snøbyger, og nattetempera turer under 0 var spenningen stor om dette været ville fortsette fram mot 17. mai. Heldigvis var værmeldingene positive noen dager før den store dagen, og vi kunne våkne til en skyfri himmel med strålende sol den 17. Temperaturen kom godt over 20 grader utover dagen, så værmessig var det fullklaff.

Les heile saka

Folketog og feiring i skulen etterpå

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Etter biltog og frukost på formiddagen starta den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen på ettermiddagen. Først gudsteneste i Todalen kyrkje, og så folketog til skulen der resten av programmet gjekk føre seg.

Les heile saka

130 mann tok turen til fellesfrukosten

Elinor Bolme Fredag 17. mai 2019

Strålande sol, mild bris og ein solid frukostbuffet møtte dei vel 130 som i dag tok turen på Bordholmen etter biltoget på fellesfrukost. Fotballgruppa i Todalen IL hadde ordna seg på godt med besøk, og todalingane møtte mannsterke opp og vart servert både heimelaga brød, rundstykker, syltetøy og salatar. 

Les heile saka

Biltog med rekorddeltaking

Jon Olav Ørsal Fredag 17. mai 2019

Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen. I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit slags «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.

Les heile saka

Klart for feiring

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2019

Ein tur rundt bygda avslører at det blir gjort førebuingar til nasjonaldagen – 17.-maikomiteen ståka med pynting og ordning til arrangementet i skulen, og eit «kokkelag» hadde god kontroll på produksjon av massevis med kjøttsuppe til arrangementet i morgon.

Les heile saka

Stavgangturen gikk til Årnes

Wenche Kvendset, Stavganggruppa Torsdag 16. mai 2019

I dag møttes vi igjen, denne gangen dro til Årnes. Et nydelig vær og mange bilde trimere. Noen har vært med i mange år og for mange er det første våren de er med.

Les heile saka

17. mai: Ventar storinnrykk til frokost!

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2019

I fjor var det over 120 som kom på frokost på Bordholmen den 17. mai – i år reknar vi med minst 150! Det er Anders Gjeldnes og Knut Bergli i fotballgruppa som er slike optimister. Sikker ar det iallfall at fotballgruppas frokostservering på Bordholmen er populær og med fine vêrprognosar er det alt som talar for rekorddeltaking. I kveld var dei i gang med brødbaking…..

Les heile saka

Nye 50 000 kroner til Toåa Tursti innnvilga!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I dag fekk Toåa Tursti nok eit ja på ein av dei mange søknadane som har vore sendt ut i forbindelse med realiseringa av turstiprosjektet gjennom Todalen Idrettslag. Michal Heimlund har hatt ansvaret for søknadane som har vore utsendt og smiler frå øre til øre når han overbringer beskjeden om at Sparebank 1 SMN i Surnadal har bevilga 50 000 kroner til idrettslaget og turstien. -Dette er berre heilt fantastisk, seier han. -Og enno har vi fleire søknadar som vi ikkje har fått svar på.

Les heile saka