Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

130 mann tok turen til fellesfrukosten

Elinor Bolme Fredag 17. mai 2019

Strålande sol, mild bris og ein solid frukostbuffet møtte dei vel 130 som i dag tok turen på Bordholmen etter biltoget på fellesfrukost. Fotballgruppa i Todalen IL hadde ordna seg på godt med besøk, og todalingane møtte mannsterke opp og vart servert både heimelaga brød, rundstykker, syltetøy og salatar. 

-Med smått og stort inkludert to fulle russebilar så var vi nok oppe i 130 besøkande, meinte billettør Bjørn Hauglann. Og folket såg til å kose seg med både serveringa og kvarandre sitt selskap. Det var mange utabygdes til stades også, noko som kanskje ikkje var så rart sidan det er konfirmasjon på søndag. 

Jens Sancho Ansnes og Jakob Ranes tok runde to etter ein runde med fotballspelling. Dei tykte rundstykker nystekte rundstykkjer var fin kost ein slik dag.

Under er fleire bilder frå arrangementet. Alle foto ElinorB

Publisert: 17. mai 2019, 12:15