Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Til Årnes på stavgang

Dordi Jorunn Halle Tysdag 14. mai 2019

Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 16. mai er det stavgang på vakre Årnes. Parkering ved Jørristua, og turen startar derifrå kl. 11:00.

Les heile saka

Forsinkelser på Kvanne – Rykkjem i morgentimene

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2019

Det må påregnes noen forsinkelser i sambandet, meldte Fjord1 i dag tidlig.  Etter hvert er det etablert normal drift, står det i ny melding fra fjord1 kl 09.35.


Godt å varra te!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I går kveld inviterte Ola Kvendset i Viastua til det årlege kusleppet for skuelystne Todalingar. Alt i alt skulle 36 kyr og kviger i alle aldrar endeleg få ut og starte vårsesongen 2019 med grønt gras under klovene. Damene tok slettes ikkje heilt av, men litt krumspring til ære for publikum bevilga dei seg. 

Les heile saka

Bli med på feiring – programmet er klart

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2019

17. maikomiteen har programmet klart for feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Det blir i stor grad feiring etter tradisjonelt mønster, og dagen startar med biltog rundt bygda som startar frå Matkroken kl 10 og som går via Gammelfabrikken og endar opp på Bordholmen. Der blir det tradisjonell frokost i regi av fotballgruppa i Todalen I.L.

Les heile saka

Kløverturen Stakk UT!

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. mai 2019

Måndag 13. mai vart det Stikk UT!-tur for Kløverturgjengen, Tjønnmyranrunden! Dette er ein riktig så fin tur som passar godt til Kløvertur.

Les heile saka

Slik blir nasjonaldagen på Nordvik

Jon Olav Ørsal Sundag 12. mai 2019

Programmet for nasjonaldagen på Nordvik starter tradisjon tru med tog frå Oppistua. Derfra blir det avmarsj til forsamlingshuset kl 14.30. Vidare utover dagen blir det tale for dagen av Lilly Gunn Nyheim, og ellers blir det servering av sodd. Bla vidare så får du opp plakaten med heile programmet for dagen!

Les heile saka


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Laurdag 11. mai 2019

Kanskje er den hardaste handarbeidssesongen på hell, det er heller sesong for hagearbeid, våronn og uteliv. Laurdag ettermiddag var det nemleg litt færre enn vanleg som møttest i Sanitetshuset til Fredrikkekaffe. Men dei fjorten som var på plass, fekk ei kjekk stund i lag.

Les heile saka

Klart for vårslipp og kåte sprell

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mai 2019

Måndag kveld blir kyrne i Viastua sleppte ut på beite for sesongen. Vi reknar med at det blir både kåte sprell og litt kamp om posisjon i hierarkiet. Det skjer kl 19.00 og alle som har lyst kan kome og sjå på.  Det blir salg av kaffe og bakels for kr 20 – Vipps og kontant. Alle er velkomne!


Sesongopning med rododendronkurs for fullt hus

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. mai 2019

Vêrgudane viste seg ikkje akkurat frå sis beste sida da Svinviks arboret opna for ny sesong på laurdag. med nattemperatur på eit par grader og dagtemperatur på rundt ti grader, så er det lite framdrift på rododendronblomstringa. Men nokre av dei tidlegaste variantane er no kome i blomstring, og blir det eit par dagar med meir varme så vil nok ting skje ganske fort.

Les heile saka

Svart belte for Sindre

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2019

I kveld klarte Sindre Bruset å kvalifisere seg til svart belte i Taekwondo. Både Sindre sjølv, og trenaren hans Kjell Gunnar Polden, var veldig stolte etter prøven gjennomført.  Sindre er sannsynleg vis den første todalingen som har klart krava til svart belte, og han har sist vinter gjort det bra i fleire konkurransar både nasjonalt […]

Les heile saka

Søndagsope for grøne fingrar

Jon Olav Ørsal Fredag 10. mai 2019

Det er nok mange som stundar etter å starte våronna i hagen no, men det har nok vêrgudane sett ein effektiv stoppar for den siste tida. Med nysnø på plena og kuldegrader om natta så er det lite som minner om hagestell, sjølv om Hageland Surnadal er ope alle dagar – søndagar inklusive for at du skal kunne drive i hagen. Søndagar er butikken open frå 12 til 17.

Les heile saka