Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Godt å varra te!

Elinor Bolme Tysdag 14. mai 2019

I går kveld inviterte Ola Kvendset i Viastua til det årlege kusleppet for skuelystne Todalingar. Alt i alt skulle 36 kyr og kviger i alle aldrar endeleg få ut og starte vårsesongen 2019 med grønt gras under klovene. Damene tok slettes ikkje heilt av, men litt krumspring til ære for publikum bevilga dei seg. 

Ola og kjærasten Anne-Berit Wedlog bydde på nystekte bakels, lunka smørgraut, kaffe og brus i gardstunet. Anne-Berit og Ola deler begge interessa for gardshald og var det perfekte vertsskap for dei som tok seg tida til å stikke innom.

Todalen Bodybyggjarlag har starta oppatt med trening ute på mondagane, og kva passa vel betre enn å ta eit dobbelt bakels med graut før ein trilla heim til kvar sitt…?

Under er nokre fleire bilder frå kusleppet. Alle foto ElinorB

Først publisert: 14. mai 2019, 06:00 - Sist oppdatert: 13. mai 2019, 22:00