Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur: Stikk UT!-runden om Tjønnmyran.

Dordi Jorunn Halle Sundag 12. mai 2019

Kløverturen måndag 13. mai blir Stikk UT!-runden om Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals, samkjøring derifrå kl. 11.00 oppover til Gammelfabrikken.

Dette er ein fin tur med godt og trygt underlag. Rundturen går frå Gammelfabrikken oppover Gammelfalla, svingar inn på allmannvegen og held fram oppver til starten av lysløypa på Tjønnmyran. På enden av lysløypa er Stikk UT!-boka. Da skogsvegen ned mot Bjøråa er litt våt og sleip no, er det eit godt alternativ å ta returen til bilane om avlastingsvegen frå Tjønnmyran ned i Nyfalla. 

Det blir kaffepause i gapahuken. Yr melder godt ver.

VEL MØTT TIL KLØVERTUR!

Fin runde. Foto: Dordi J H

Først publisert: 12. mai 2019, 11:00 - Sist oppdatert: 11. mai 2019, 23:00