Då flyttar vi oss omtrent 35 år fram i tid i høve til førre presentasjon. Denne gongen er det òg ein handarbeidspose, som dottera til Margit, Ingri Bruset laga midt på 60-talet då ho gjekk i 3.klasse.
Les heile saka
Då flyttar vi oss omtrent 35 år fram i tid i høve til førre presentasjon. Denne gongen er det òg ein handarbeidspose, som dottera til Margit, Ingri Bruset laga midt på 60-talet då ho gjekk i 3.klasse.
Les heile sakaLørdag var det ny turnering på Surnadal Golfpark på Mo. Denne gangen var det en uhøytidelig lagturnering som samlet hele 41 deltakere fra Sunndal, Stjørdal, Klæbu i tillegg til deltakere fra egen klubb. På vinnerlaget «Uten filter» deltok også todalingen Bjørn Redalen som nå bor i Trondheim og egentlig medlem i Stjørdal GK – de øvrige på vinnerlaget var Tor Oterhals, Geir Berntsen og Martinus Grønnes.
Les heile sakaVi trudde mesta at det var «Brødrene Dahl» og «Elvegris» som var på ferde i Toåa i dag, men det var berre lokale heltar som tok seg ein fin padletur nedover Toåa. Vi «fanga dei opp» på ein liten videosnutt da dei passerte Båthølen – der Toåa tursti har sitt hovudkvarter med fiskerampe og gapahuk.
Les heile sakaI dag har Todalen.no vore på Inner Gammelsetra i Grøvudalen som høyrer til i Sunndalsfjella. Her er det det ungdommar i 15-30 årsalderen som driv fullforedlingsseter. Med sal av seterprodukt og rømmegraut. I år 2000 vann Sunndal Seterdriftslag «Finseprisen» for arbeidet sitt med å ta vare på seterhusa og tradisjonane. I dag er det stiftelsen Gammelsetra som har det formelle ansvaret for seterdrifta ved Inner gammelsetra.
Les heile sakaEin utstabil vêrtype dei siste par vekene ser no ut til å endrast til både betre temperatur og kanskje utan nedbør. På yr.no er det varsel om nedbør i form av regn fram til onsdag, men så blir det endring og betre vêr – dag for dag.
Les heile sakaFAU ved Todalen skule hadde som tidlegare nemnt planer om ei stor markering i samband med at «ny skulen» i Todalen i år er 100 år. Koronasituasjonen sette som kjent ein effektiv stoppar for jubileumsfeiringa, men som eit «lite plåster på såret» gjekk FAU i april ut og inviterte tidlegare elevar ved Todalen skule til å levere inn bilete og nokre ord om eit sløyd- eller handarbeidsprosjekt dei hadde laga ved Todalen skule. Responsen var ikkje den heilt store, men nokre prosjekt kom det inn. I vekene som kjem vil vi presentere desse her på todalen.no.
Les heile sakaPå ein finvêrsdag er det få plassar som kan måle seg med Innerdalen. Vi valte den enklaste måten for å kome dit – med bil til Nerdal – og til fots etter vegen dei 4 kilometrane innover til Renndølsetra og Innerdalshytta.
Les heile sakaTorsdag kveld fekk vi melding om eit hjortekadaver som var observert i fjøra nedanfor Bergheim. Det
kan sjå ut som om kadaveret har kome med elva. Viltnemnda er kontakta og har teke tak i saka.
Det er ei stor glede å kunne melde at Hønhalsen 2020 er «gått åv», og med dette er badesesongen i Todalen offisielt opna! For utabøgdes og andre uvitande kan det kanskje verke merkeleg og litt morbid å feire at ein hals blir delt. Men for oss andre med hug for friske elvebad og minne om […]
Les heile sakaToåa tursti har vorte ein stor suksess med mange daglege turgåarar, både frå nær og fjern. Det er to gapahukar og fleire tilrettelagte sitteplassar langs den ca. 1,8 kilometer lange turstien, Gapahukane er lokalisert i Båthølen og i Gunnøya. Måndag føremiddag tikka det inn ein sms, eller rettare sagt plinga den inn, med invitasjon til […]
Les heile sakaFleire nyplanta skogsfelt får no eit tilskot med gjødsel for å få fart på voksteren. Eit helikopter får gjort denne jobben utruleg effektivt, og flyr ut med gjødselspreiar som sørger for gjødsling av plantefelta.
Les heile sakaFrå Todalen I.L. har vi fått melding som påverkar bruken av treningsstudioet «Hett og Svett» som har tilhald i det gamle postkontoret på Kvennset. Dei skriv: «Hovedstyret i Todalen IL har beslutta at «Hett og Svett» framleis skal være stengt.
Les heile saka