

Familien Kvendset har underhalde oss før – sist i Skulstua for eit par-tre år sia. Familien er nemleg ein musikkfamilie med stor M, og da Sigrid Kvendset skulle presentere familien på gårdagens song og musikkmøte så sa ho at det er aldri stille eit sekund heime hos oss.
Les heile sakaGodt over i august og klare med juli sin kåring av månadens bilete. Mukje fine bileter som alle fortjener heder og ære. Gje din stemme til det du likte best. Takk til alle som har sendt oss bidrag
Les heile sakaLørdag 8. august kom nye «Stangvikfjord» til Kristiansund fra Havyard-verftet i Sogn. Den er søsterskip til de to nye ferjene som er satt i rute på Edøyfjorden, «Smøla» og «Møringen». Med en kapasitet på 50 biler og en fin utsiktssalong med selvbetjent kiosk, er dette populære ferjer som gir de reisende en flott opplevelse over fjorden med kaffe og svele.
Les heile sakaTodalen historiela har eit årleg arrangement med historisk vandring i ei av grendene. No var turen komen til Hala, der Eivind Grønmyr og Trygve Halle med fleire hadde regien på programmet som informantar. Dei siste åra har det faktisk vore litt historisk sus over Halagrenda, der fylkesarkeologen har funne spor etter gamal busetting – faktisk helt attende til 400-talet. Frode Grønmyr hadde sett seg godt inn i historia og hadde ei interessant forteljing om Hala-grenda i historisk til fram til nyare tid.
Les heile sakaFredag kveld inviterte Surnadal Jeger og Fiskeforening til sjøfiske på Nordvik. Dei inviterte barn med foreldre, og oppfordringa var å ta med seg fiskeutstyr, samtidig som arrangøren stilte med noko fiskeutstyr og båter.
Les heile sakaAt vi får våre aviser på laurdag kan vi takke Tedros Haile Issak for. Han er avisbud for Todalen, og har også ansvaret for at Lykkjeeidet, Kvanne og Stangvika får sine aviser. Kvar laurdag rykkjer han ut med ein stor avisbunke og kjører heile runden og heilt oppover til Kårvatn før han snur.
Les heile sakaLaurdag 8. august inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Hala. Det blir start frå Steinarstuå på Hala kl. 12.00. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie og hendingar.
Les heile sakaDå flyttar vi oss til notid, men held oss framleis innafor fagfeltet handarbeid. Denne gongen er det Van Adrian H. Ansnes si pute som han laga i 6.trinn skuleåret 2017/18 og veska han laga i 7.trinn skuleåret 2018/19 vi presenterer. Det var Marit Sæter Lediard som var lærar i handarbeid ved Todalen skule då Van Adrian laga puta og veska. Marit er framleis lærar ved Todalen skule, og ho tok våren 2019 master i Design, kunst og handverk (Skaparglede) og då Van Adrian laga veska si var det ein del av Marit si masteroppgåve.
Les heile sakaOnsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng. Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna. Det var […]
Les heile sakaStyret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlags Fjellgruppe startar opp etter ferien tirsdag 11.8. Vi møtes på parkeringsplassen ved Øye kyrkje kl 1030 og får til samkjøring til Bøkleppen. Derifrå går vi til toppen av Bølia. Ta med mat og drikke. Det blir ein fin dag! Tor Asle, Brage og Kristian er vertskap på turen!