Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Kunstnere in spe» – Med lokale utstillarar

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. desember 2020

I løpet av hausetn har 12 ungdommar i alderen 10 – 12 år, frå Surnadal og Sunndal kommunar, hatt «Workshop» i keramikkarbeid i regi av Brit Dyrnes frå Kvenna Kunstverksted. I løpet av hausten har ungdommane fått lære å arbeide med ulike teknikkar innafor keramikkhandverket sitt utrulege univers. Maria K. Bergli (12) og Selma S. Gjeldnes (11) representerer Todalen på keramikkutstillinga «Kunstnere in spe» i Bondehuset i Stangvik i helga. Utstillinga opna i dag kl. 13:00, og vil vere open òg i morgon, søndag 20.desember, mellom klokka 13:00 – 15:00. 

Klart for opning av utstillinga. Foto: Brit Dyrnes

Føremålet med Workshopen var å gje ungdommane ei innføring i korleis ein arbeider med leire og kva for moglegheiter leire gjev for uttrykke seg. Ungdommane har lært seg å lage skåler og dyrefigurar. Dei har òg lært å lage mønster i leire. Siste delen av «Workshopen» fekk dei lære litt om glasurteknikk av leire. 

Etter å ha sett på det som vart utstilt under «Kunstnere in spe» som kan vi tyrgt slå fast at, både dei unge kunstnarane og instruktøren, har lykkast med prosjektet. Dei unge kunstnarane har vore både produktive og ikkje minst kreative gjennom hausten. 

Lys er viktig for å skape rett stemning. Foto: Brit Dyrnes

Vi vil absolutt påstå at utstillinga er verdt eit besøk! Meir informasjon om utstillinga finn du ved å trykke på lenka: «Kunstnere in spe»

Fleire bilete frå utstillinga kan du se nedanfor. 

Publisert: 19. desember 2020, 18:30