Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rebusløp i staden for juletrefest på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 20. desember 2020

På grunn av Koronasituasjonen arrangerer juletrefestkomiteen på Nordvik rebusløp i staden for den tradisjonelle juletrefesta i år. Rebusløpet blir arrangert laurdag 26.desember. Rebusløpet har start ved Nordvik forsamlingshus mellom klokka 12:00 – 14:00. Juletrefestkomiteen skriv at dei vil sende av garde små grupper/familiar om gongen slik at folk blir mest mogleg spreidd under rebusløpet. 

Aktiviteten vil gå føre seg utandørs, så juletrefestkomiteen anbefaler folk å kler seg etter vêr og vind. Når rebusløpet er ferdig, blir det servert gløgg til alle som deltek. 

Nissen er litt redd for Korona han òg, men rykta går om at han har tenkt å sette frå seg ein sekk med pakkar til ungane. Men nissen er ein luring, så for å få opna sekken med gåver, må ein finne koden til låsen på sekken. Koden finn ein i løpet av rebusløpet. Ta difor med penn og papir. 

Juletrefestkomiteen på Nordvik 2020 ønsker alle velkommen!

Plakaten frå juletrefestkomiteen kan lesast nedanfor:

 

Publisert: 20. desember 2020, 08:30