Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel sesong for gevirpreparanten

Jon Olav Ørsal Fredag 16. oktober 2020

Nils Gjeldnes har spesialisert seg på preparering av gevir, og no er det høgsesong på den fronten. Nils tek i mot gevir av både rådyr, hjort, elg og rein. Sågar har han montert gevir av bekre og sauer også – men det er flotte hjortgevir han tykkjer er mest imponerande og flotte å sjå på. Og Nils har nok sett mange gevir for han har gjennom eit langt liv vore ein ivrig jeger, både på storvilt og småvilt. Han er ikkje helt sikker på talet, men i underkant av hundre hjortar har han nok felt i si jaktkarriere.

Les heile saka

Tilskot – Brannsikring av tette trehusområde – Todalsøra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. oktober 2020

Vi har i ein e-post frå Surnadal kommune si kulturavdeling fått informasjon om den fylkeskommunale ordninga med tilskot til «Brannsikring av tette trehusområde». Dette er ei tilskotsordning som tidlegare vart administrert av Riksantikvaren, men som no fylkeskommunane har overteke. I Surnadal kommune gjeld denne tildkotsordninga for Todalsøra og Surnadalsøra. På kartet nedanfor ser ein kva område som ligg innafor det som blir definert som Todalsøra og kva eigedomar det då er mogleg å få tildkot til Brannsikring for. Området som er omfatta av tilskotsordninga er merka med blått. 

Les heile saka

Gunn Marit Nisja kjem til Surnadal folkebibliotek

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. oktober 2020

Onsdag 21.oktober klokka 18:00 kjem forfattaren Gunn Marit Nisja til Surnadal folkebibliotek på kulturhuset for å presentere den nye boka si, «Jeg skal ta vare på deg». Gunn Marit er fødd og oppvoksa i Sunndal, men er i dag busett i Modum i Viken. Der arbeider ho som avdelingsleiar på Blaafarveverket. Ho debuterte som romanforfattar i 2011 med romanen «Naken i hijab». Etter det har ho gjeve ut romanane «Porselenspiken», Olivensteinen» og «Etter oss», før ho no i haust altså gjev ut «Jeg skal ta vare på deg». 

Les heile saka

Siri fikk workshopkuntnarar frå Kvenna Kunstverksted på besøk

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2020

Siri Skjerve som har etablert seg som kunstnar heime i Bekkerhagan fikk torsdag besøk frå kunstnakolleger som denne veka har delteke på workshopen «Høste» på Kvenna kunstvekstad. Det er Brit Dyrnes som driv Kvenna kunstverkstad og som i samarbeid med Kulturspinneriet (Stangvik prestegard) arranger workshop med 16 deltakarar. Det er deltakarar frå Fauske i nord til Sogn i sør, og dei bur på prestgarden i Stangvik medan dei er her. 

Les heile saka

«Vårsøg-helga» – Gratiskonsert og bygdeboklansering

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. oktober 2020

Laurdag 17.oktober klokka 13:00 er det gratiskonsert i foajeen på Surnadal kulturhus, sjølvsagt med smittevenrestriksjonar i høve til avstand og og kor mange det vil vere plass til. På konserten vil ein få høyre Karstein Mauset og eit innslag frå «Surnadals hyllest til dIRE sTRAITS», forutan at kulturskulen og Dansekompaniet stiller sterkt. Det er òg lansering av den nyaste bygdeboka denne dagen. 

Les heile saka

Årets NOBB’er: Nok en prestisjetung pris til Talgø MøreTre

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2020

Å hente hjem priser er slett ikke noe nytt for Talgø – flere ganger har Talgø fått æresfylte priser  eller har vært nominert til flere priser  eller æresbevisninger.  Denne gangen er Talgø MøreTre kåret til årets NOBB’er.  I en pressemelding fra Talgø MøreTre kan du lese om tildelingen av prisen og begrunnelsen for tildelingen: 

Les heile saka

Vegarbeid: Rustar opp Ramsøyvegen/Halanesvegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2020

På Ramsøyvegen/Halanesvegen pågår det vegarbeid no i haust. Det er Per Gjeldnes Maskin som er i full gang med å ruste opp vegen, slik at den skal tåle meir tungtrafikk – både landbrukstrafikk og trafikk i samband med skogsdrift.  Det er strekninga frå Brusetbrua og innover Ramsøydalan og vidare innover Halaneset til Romåbrua som no blir rusta opp. 

Les heile saka

«Stjernemateriale» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. oktober 2020

Måndag 19.oktober klokka 19:00 kjem Teatret Vårt til Surnadal kulturhus med den lattervekkande teaterkonserten «Stjernemateriale», som etter førehandsomtalen har gjeve mange av dei besøkande»gåsehudfaktor». 

Les heile saka

Nedetid på internenettet natt til fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. oktober 2020

Svorka melder at nettet (internett via fiber) vil vere nede i fleire korte periodar i tidsrommet 00:00 – 01:00 fredag 16.oktober. TV-signala skal derimot fungere som normalt heiter det i ei melding frå Svorka. 

Les heile saka

Start 4H – Planlegging av haustfest

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 14. oktober 2020

Start 4H er i planleggingsfasen av årets haustfesta. Koronasituasjonen og dei gjeldande smitteverntiltaka gjer at det ikkje er mogleg å gjennomføre haustfest på tradisjonell måte, så det blir i år ei alternativ haustfest der ein legg opp til eit utearrangement, men at det vil bli høve til å få sjå utstillingane innandørs i Skulstuå. 

Les heile saka

Sesongens nest siste kamp

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. oktober 2020

Tysdag kveld drog Søya/Todalen sitt G12 lag til Eidsvåg for å spele sesongens nest siste kamp. Kampen var mot Eidsvåg G12 og vart spela på Eidsvåg kunstgress. 

Les heile saka

Lærte å forhalde seg til smittefaren

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. oktober 2020

På medlemsmøtet til Surnadal pensjonistlag var kommunelege Bjørn Buan invitert for å halde foredrag om koronaviruset.  Buan har kalla foredraget sitt for «Kor fri kan vi føle oss med aktivitetar i lokalmiljøet med tanke på korona og smittefare? Han tok for seg korleis koronaviruset smittar og forklarte korleis ein kan styre unna eller redusere smittefaren.  Han forklarte også kvifor det blir sett i verk forskjellige tiltak, som foreksempel karantene for å begrense smittespreiinga

Les heile saka