Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påskevettreglane frå Regjeringa

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 15. mars 2021

Fredag kom Regjeringa med sine påskevettreglar for påska 2021, og dei seier følgande: Det er snart påskeferie, og i samband med den kjem regjeringa med anbefalingar for korleis ferien kan gjennomførast på ein smittevernfagleg forsvarleg måte. 

Anbefalingane er basert på vurderingar og innspel frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet. 

– Smittesituasjonen i Norge er ustabil, og i dei siste vekene har smittetala gått opp. Vi er uroa for konsekvensane dersom mange feiser og møter mange andre personar i påska, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie. 

Smittesituasjonen blir følgd nøye, og taltaka kan bli endra på kort varsel. Anbefalingane om å unngå unødvendige reiser gjeld òg i påska. Reiser til utlandet blir frårådd, med mindre dei er strengt nødvendige. 

– Sjølv om reiser til fritidseigedomar i Norge ikkje blir sett på som nødvendige, kan folk reise på hytta i påska dersom dei tek ekstra smittevernhensyn. Vi anbefaler da å gjere innkjåpa på førehand, unngå kollektivtransport om dette er mogleg og å halde avstand til andre, seier Høie. 

Dersom du er sjuk, bør du halde deg heime i påska. Dersom du blir sjuk på hytta, bør du reise heim. Dersom du er i kanantene eller ventar på testsvar, bør du òg halde deg heime. Personar som bor i områder med mykje smitte, som til dømes Oslo, bør unngå å reise på hotell og overnattingsstadar der mange er samla. 

– Vi anbefaler at alle har færre kontaktar enn vanleg og at møter og aktivitetar skjer mest mogleg utandørs, seier Høie.

Gudstenester og andre religiøse markeringar er ein viktig del av påska for mange. Folk kan delta på gudstenester og religiøse arrangement der dei bor, men bør unngå slike samlingar utanfor eigen kommune. 

Påskestemning. Foto: Arkiv

Dette er anbefalingane for påskeferien 2021

Generelt

  • Hald deg heime dersom du ikkje er frisk, og test deg så snart som mogleg dersom du trur du er smitta med covid-19.

Reiser

  • Reiser til utenlandet blir frårådd, med mindre dei er strengt nødvendige. Unngå unødvendige reiser i Norge.
  • Reise til (eigen/lånt/leigd) fritidseigedom kan likevel gjennomføres dersom du er særs påpasseleg med smittevern undervegs og på feriestaden. Reis da med dei du bor saman med eller tilsvarande nære, gjer helst innkjøpa før avreise og hald avstand til andre.
  • Det er viktig å undersøke kva tiltak som gjeld i kommunen der du oppheld deg seier, som tildømes via kommunen sine nettsider eller helsenorge.no.
  • Dersom du reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak enn heimkommunen din, bør du som hovudregel følge anbefalingene som gjeld i heimkommunen din.
  • Dersom du er i karantene, eller ventar på testsvar, bør du ikkje reise på påskeferie, heller ikkje til eiga hytte.
  • Er du på hytta og blir sjuk, bør du reise heim. Dersom du blir ringt opp og sett i karantene, bør du òg dra heim.
  • Du kan reise på hotell innenlands, men hald avstand til andre gjestar, og begrens opphald i fellesareala. dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du ikkje reise på hotell eller liknande overnattingstad der mange blir samla.
  • Det blir anbefalt å ikkje gå frå hytte til hytte, sidan dette aukar risikoen for smittespreiing.
  • Dersom ubetjente hytter skal nyttast, bør det vere mogleg å reservere på førehand, slik at ikkje fleire husstander/reisefølge er der samstundes.
  • Dersom hytta ligg vanskeleg tilgjengeleg, og behov for helsehjelp og moglegheit for karantene/testing kan innebere utfordringar for lokale helsemyndigheiter, bør det lokalt vurderast om slike hytter bør anbefalast stengt.
  • Ved strengt nødvendige utenlandsreiser (som tildømes barn som skal besøke foreldra eit anna land), er det særs viktig å vere forsiktig på reisa og å overhalde karantenebestemmelsane og krav om testing når ein kjem att. 
  • Reiselivsaktørar bør vurdere å begrense tilgangen til fellesareal, for å redusere smitterisikoen og gjere det lettare å overhalde smittevernanbefalingane.

Sosialt

  • Du bør unngå fleire enn 10 sosiale kontaktar i veka.
  • Du bør unngå besøk av meir enn 5 personer i eigen heim. Dersom heimkommunen din anbefaler å unngå besøk, bør du følge dette rådet, anten du er heime, på hytta eller ein annan stad.
  • Dersom du kjem frå eit område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak blir det frårådd overnattingsbesøk i påska. Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan likevel ha overnattingsbesøk av 1-2 faste vener.
  • Velg helst utendørsaktivitetar. Unngå å oppsøke stader der mange er samla, og der det ikkje er lett å halde avstand, som serveringsstadar, skistuer, varmestuer, leikeland, badeland og liknande. Du kan besøke alpinanlegg, men unngå trengsel.

Gudstenester og andre markeringar

  • Ved gudstenester og andre religiøse markeringar og livssynssamlingar i påska gjeld reglar, retningsliner og anbefalinger for arrangement. Du bør ikke delta på slike samlingar utenfor din eigen kommune.
Først publisert: 15. mars 2021, 09:00 - Sist oppdatert: 14. mars 2021, 20:40