Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal kommune – koronavaksinering veke 12 og i påskeveka

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mars 2021

Torsdag kveld kom det ei oppdatering frå Surndal kommune om vaksineringa i veke 12, og påskeveka. Kommunen kallar inn fortløpande til vaksinering til første ledige vaksineringsdag, og det er viktig å gje rask tilbakemelding på innkallinga, òg om du takkar nei til vaksinering. Kommunen vaksinerer framleis gruppe 3 (75 – 84 år) med vaksinetypen Comirnaty frå BioNTech/Pfizer.

Forlenga doseintervall

For at fleire raskare skal få tilbod om første dose med koronavaksine frå BioNTech/Pfizer, har FHI forlenga intervallet mellom dose 1 og dose 2, frå 3 til 6 veker. Dei som blir vaksinerte frå og med veke 11 vil få dose 2 etter 6 veker. 

Vaksinering fredag 26. mars (veke 12)

I veke 12 gjer kommunen seg ferdig med 1940 – 42-modellane, altså dei i aldersgruppa 79 – 81 år. 

Vaksinering onsdag 31. mars (påskeveka)

For å unngå vaksinering på langfredag, flyttar kommunen vaksineringa til onsdag 31.mars i veke 13. Kommunen reknar med å bli ferdige med alle 1943-modellane til påske, slik at dei kan starte med å tilby vaksine til 1944-modellane rett etter påske. Kommunen har ikkje fått melding frå FHI om kor mange vaksinedoser dei får veka etter påske, men reknar med å vite dette i løpet av neste veke.

Fått SMS-innkalling?

Mange ventar på koronavaksine. Kommunen minnar difor om at du takkar JA eller Nei til vaksinering på «c19.no»

Innkalling

Systemet kommunen brukar til innkalling til koronavaksinering er basert på fødselsår, men tek ikkje omsyn til når på året du er fødd. Difor kan ein litt yngre nabo få innkalling før deg. Når du svarar på innkalling på SMS og bestiller time, får du time til første ledige vaksineringsdag. Det kan vere same veka eller veka etter. 

Kommunen kallar inn til vaksinering fortløpande på SMS og  ber deg difor vere rask til å bestille time, eller takke nei på c19.no. Du kan og takke nei til vaksinering ved å ringe vaksinetelefonen. Dersom du takkar nei, går tilbodet til nesSte person på lista.

  • Hugs eigenerklæringsskjema for vaksinering
  • Ha på munnbind og ermer som er lette å brette opp
  • Ha med gyldig legitimasjon
  • Unngå blodfortynnande medisin på morgonen på vaksineringsdagen
Publisert: 19. mars 2021, 07:27