Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Få problemer med Elsa på indre

Jon Olav Ørsal Tysdag 11. februar 2020

Det var nok knytt litt spenning til ekstremvêret Elsa i natt og i dag. Etter meldingane skulle stormfloa være på sitt høgste kl 12.32 på tysdag. Det var ho nok også, men i det stille og fine vêret gikk det veldig fint for seg.  Vi var ute med kamera, og har knipsa fleire bilder rundt […]

Les heile saka

SkiMo youthcamp Nordmøre – blir du med, eller?

Jon Olav Ørsal Måndag 10. februar 2020

Endeleg er det klart for ungdomscamp igjen!  For deg mellom 12 og 23 år som har lyst til å prøve, eller vil utvikle deg vidare innan Randonéesporten.  – Vi har vore så heldige å få Vegard Øie frå Randonéelandslaget som instruktør denne helga. Han kjem direkte hit frå verdenscuprenn i Tyskland, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no

Les heile saka

Berre ein liten forsmak på Elsa?

Jon Olav Ørsal Måndag 10. februar 2020

I dag har det vore stor flo, men det er nok berre ein forsmak på stormfloa som kjem i natt og i morgon ettermiddag, skal vi tru yr.no sitt ekstremvarsel som gjeld meir eller mindre heile kysten. I ekstremvarselet blir vi anbefalt å sikre verdiar i flomålet, da vannstanden kan bli opptil ein meter høgare enn normalt her ifølge varselet.

Les heile saka

Kallar til årsmøte i Surnadal Pensjonistlag

Jon Olav Ørsal Måndag 10. februar 2020

Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte på sjukeheimen tysdag 25.2. kl 1500.  Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet blir det underhaldning, servering og loddsalg.  Vel møtt!

Surnadal pensjonistlag er medlem i Todalen.no


Sesongstart i ruskever

Dordi Jorunn Halle Måndag 10. februar 2020

Måndag 10. februar var sett som dato for Kløverturoppstart. Yr melde om ekstremver, «Elsa» – med høg flo, regn og vind. Men 6 trimmarar trossa veret og stilte framfor Halsbua kl. 11, og tur vart det!

Les heile saka


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. februar 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til ein ny sesong med Kløverturar. Det blir oppstart i morgon, måndag 10. februar.  Turen blir etter Toåa tursti, altså ein mjuk start etter ein lang juleferie. Oppmøte ved Matkroken/Halsbua, og start derifrå kl. 11.00.

Les heile saka


Triveleg på Fredrikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 8. februar 2020

Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.

Les heile saka

UKM – inviterer ungdom til å vise kva dei driv med

Steinar Hasselø Fredag 7. februar 2020

UKM – Ungdomens Kulturmønstring – som blir halde i kulturhuset 14. mars, skal vere ein møteplass der ungdom skal få vise fram det dei brenn for, vera det seg scenekunst, dans, film, litteratur, musikk – og lista er lengre enn lang, så vi tek sats og held fram: …teater, visuell kunst, spillutvikling, film, musikk, street dance, kunst, og kva det elles kan vere du syslar med! Du har litt tid til å melde deg på, men du treng absolutt ikkje vente heilt til søndag 1. mars – for dette må du få med deg! Påmeldinga gjer du på ukm.no.

Les heile saka


Ekstremvêret vart ikkje så ekstremt…

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. februar 2020

Det var ikkje måte på med ekstremvarsel for onsdag og torsdag denne veka, men heldigvis vart det ikkje slik som yr.no og varsam.no varsla at det kunne bli. Faktisk var det meldt at det kunne kome inntil 200 mm nedbør i løpet av 48 timer. Hadde det gjort det hadde det nok sett heilt annleis ut. Men faren var der, med ein del snø i fjellet og meldingar om mildvêr og regn med snøsmelting heilt til topps.

Les heile saka