Torsdag 31.desember klokka 16:00 blir det nyttårskveldsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Kristin Strand medan Ronny Kjøsen er organist. Takkoffer til kyrkjelydsarbeidet, Vipps 506908. Nye smittevernreglar gjer at det likevel må vere påmelding til nyttårskveldsgudstenesta, slik det var på julekveldsgudstenesta.
Les heile saka
På dette bilete ser du vinnaren av Romjulsquizen, trykk vidare for meir :
Les heile saka
Etter fleire dagar med mykje god mat og lite fysisk aktivitet er det godt å kome seg ut i frisk luft og kanskje få litt trim. I år er det nok mange som også føler behov for å ha litt sosial kontakt med andre enn berre de «indre krets» i familien. Romjulsmarsjen er det einaste arrangementet i Todalen denne jula, men også den er litt amputert og tilpassa pålagt smittevern etter beste evne.
Les heile saka
Her har vi fått informasjon fra trimgruppa om dagens quiz under romjulsmarsjen.
Les heile saka
Stikk-Ut ski på Tjønnmyran er no åpna. Ikveld ble koden limt på postskassen ved enden av lysløypa og alt er klart for å registrere sine skiturar for dei som ynskjer det. Foreløpig er Tjønnmyran den første ski posten som er åpna i kommunen. Representant fra trimgruppa som var oppe på anlegget no i kveld kan rapportere om nydelege forhold i skiløypa. Så her er det bare å kaste seg rundt og ta på skia.
Les heile saka
2. juledag har tradisjonelt vært dagen for juletrefest i Forsamlingshuset på Nordvik. Koronasituasjonen og gode råd frå smittevernet i Surnadal kommune gjorde at det ble alternativ juletrefest i år, der et kreativt styre i grendalaget trødde til med rebusløp i stedet. Fra Hanne Waag har vi fått både bilder frå arrangementent og løsning på koden til gavesekken…
Les heile saka
3. juledag frå 12-15 arrangerer trimgruppa i Todalen i.l marsj rundt bygda. Då dei fleste arrangement har vorte avlyst pga Covid 19 og smittevernstiltak i 2020, er det ekstra hyggeleg å arrangera romjulsmarsj iår sier trimgruppa. Sjølvasagt vil det bli teke smittevernstiltak òg her, med bla ingen servering.
Les heile saka
Onsdag 23.desember, ved midnatt, var årets storviltjakt slutt. Så no blir det pause fram til den 1.september for storviltjegerane. Dei oppdaterte tala syner at det i Todalen er skote totalt 60 dyr. Det er skote 40 hjortar, 5 elgar og 15 rådyr. Dei tilsvarande tala i 2019 var 35 hjort, 2 elgar og 13 rådyr. Det betyr at det i år er skote totalt 10 dyr meir enn i fjor.
Les heile saka
Frå anleggsleiar på Tjønnmyra, Ståle Ansnes, har vi fått opplyst at det no er nypreparerte løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Han seier det er kjempefine forhold og at sporet er som «trikkeskinner». Så da skulle det vere skikkeleg fine forhold for ein skitur no i romjula.
Les heile saka
Ekteparet Palmer og Anna Britt Vikan overtok begravelsesbyrået fra Ragna og Ivar Meisingset i 2014, som starta opp Surnadal og Rindal begravelsesbyrå i 1978. No 42 år etter oppstarten så er ein ny og spennande epoke klar. I løpet av vinteren neste år er det Bjørn Vevang som overtek ansvaret for drifta vidare. Bjørn kjenner dei fleste som organist i kyrkja, men no vil fleire stifte bekjentskap med Bjørn som representant og dagleg leiar i begravelsebyrået.
Les heile saka
Vi i redaksjonen nyttar høvet til å ønskje alle våre lesarar ei god og fredeleg julehelg, men vi er likevel på post for å få med oss store og små hendingar. Det gleder oss også at vi stadig får fleire lesarar – når vi no går inn i jula 2020 så veit vi at lesartalet så langt i år har auka med knappe 4 prosent – ei veke før vi sett sluttstrek for dette spesielle året. No er det viktig at vi tek vare både på oss sjølve og andre – God jul frå oss i redaksjonen!
Det var lenge tvil om det skulle bli julegudsteneste i Todalen kyrkje på julaftan. Det vart einslags kompromiss for arrangementet, med dobbel avstand mellom sitteplassane og sjølsagt obligatorisk handvask med antibac for å redusere eller eliminere smittefaren. Det vart imidlertid eit treiveleg arrangement med 30-40 påmeldte, men sokneprest Kristin Strand og resten av gjengen klarte å lage god atmosfære med tilhøyrande julestemning for oss som var der.
Les heile saka